fredag, november 24, 2017
   
Text Size

Reglar Bygdekamp


1. Spelarane må fylle 15 år inneverande år.

2. Lagleiarane får nytte seg av folk som er busett i dei respektive bygdene (Søvik skulekrins og Grytastranda skulekrins) pr. dags dato, samt folk som tidlegare har vore busett i bygda over ein periode på minst 5 år.

3. Overgangar: Ein spelar kan melde overgong mellom laga dersom han har flytta mellom dei respektive bygdene og såleis oppfyller paragraf 1. Spelaren som ønskjer overgang blir påført 1 kamps karantene frå bygdekampen.

4. Kvart lag kan få ha med maksimum 1 "utlending" (les: spelarar som ikkje oppfyller krav nr. 2) i troppen. Denne "utlendingen" må ha spelt minst 5 kampar for Norborg sitt herrelag sidan 1968.

5. Spelartroppen på kampdagen skal bestå av maksimum 18 spelarar. Alle spelarane kan nyttast i løpet av kampen. Namna på dei påmelde spelarane skal leverast til norborg.com seinast torsdag kveld. Det er lov å endre/melde på 1 spelar i troppen etter dette.

6. Lagoppstillinga må vere klar og leverast skriftleg til motstandars lagleiar minst 20 minutt før kampstart.

Drakter:
Fjorårets vinnar får spele i Norborg sine oransje trøyer.

Speletid: 2x45 minutt
Dersom uavgjort etter ordinær tid blir kampen avgjort på straffespark.

Kampen spelast elles under reglementet som gjeld for 4. divisjon Sunnmøre.

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann