søndag, april 22, 2018
   
Text Size

Siger over Aksla

Norborg/Brattvåg2 - Aksla 4-1 (4-1)
Treningskamp, Uggedal KGB, 15.02.2018

Sjansar: 8-6

0-1 Kristian Engelstad (1)
1-1 Magnus Austbø Seth (14)
2-1 Kristoffer Søviknes (27)
3-1 Tor Abelseth (str. 41)
4-1 Jesper Vos (45)

Det meste skjedde før pause i denne treningskampen mellom to unge mannskap. Faktisk var Kristoffer Søviknes den einaste spelaren på Norborg som ikkje kunne kalle seg tenåring. Aksla tok leiinga på sitt første angrep på ein utsøkt lobb frå skrått hald, men deretter var det heimelaget som var best framfor mål og snudde kampen til 4-1 leiing. Utlikninga kom då eit frisparkinnlegg frå Gard Rogne fann hovudet til Magnus Seth. Kristoffer Søviknes gjorde 2-1 då han banka inn ein corner frå Ådne Hellandsvik. 3-1 på ei sikker straffe frå Tor Abelseth, medan Jesper Vos vann duellen med keeper og laga 4-1 etter eit gjennomspel frå Seth. Norborg var totalt sett best i denne omgangen sjølv om Aksla også hadde eit par store sjansar som kunne gitt mål. Etter pausen tok Norborg foten av gasspedalen og Aksla var nærmast mål utan å lykkast.  

Laget: Benjamin Rørhus - Nikolai Jensen, Tor Abelseth, Anders Toven, Gard Rogne (Lars Mikalsen, 85), Ådne Hellandsvik, Kristoffer Søviknes, Ruben Holmeset (Per Kristian Grytten Søvik, 68), Jesper Vos (Hildre, 75), Per-Kristian Helle Hildre (Magnus Jenssen, 46), Magnus Austbø Seth.

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann