søndag, april 22, 2018
   
Text Size

Siger trass sjansesløsing

Norborg/Brattvåg2 - Ellingsøy 2-0 (0-0)
Treningskamp, Uggedal KGB, 27.01.2018

Sjansar: 14-3

1-0 Vidar Nilsen Rogne (47)
2-0 Per-Stian Alvestad (90)

Heimelaget dominerte denne treningskampen mot divisjonskollega Ellingsøy frå start til slutt, men sleit med å omsette sjansar i mål. Det vart med to mål, sjølv om ein fann nettmaskene fem gongar i løpet av kampen. Tre vart nemleg avvinka for offside. Spelemessig var det mykje bra for å vere første treningskamp. Vidar Nilsen Rogne scora sitt første A-lagsmål for Norborg då han sette ballen i nota frå 8 meter etter ei pasning frå Jesper Vos. Per-Stian Alvestad sitt mål kom etter ein stikkar frå midtbana i bakrom. Alvestad gjorde ingen feil åleine med keeper.  

Laget: Øyvind Sundnes - Tobias Faksvåg (Ruben Holmeset, 72), Anders Toven, Tor Abelset, Nikolai Jensen (Tarjei Urkedal, 87), Ådne Hellandsvik, Kristoffer Søviknes, Gard Rogne, Magnus Austbø Seth (Alvestad, 88), Per-Stian Alvestad (Vidar Nilsen Rogne, 46), Magnus Jenssen (Jesper Vos, 46).

* Øyvind Sundnes haldt nullen i sin keeperdebut for Norborg.
** Ådne Hellandsvik var kaptein.

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann