søndag, desember 17, 2017
   
Text Size

Avslutta med stil!

Norborg - Hareid 3-1 (2-0)
4. divisjon, Uggedal KGB, 20.10.2017

Sjansar: 13-8
Cornere: 9-11
Avslutningar på mål: 8-8
Avslutningar utanfor: 9-5
Blokkerte avslutningar: 5-2

1-0 Nikolas Fjørtoft (18)
2-0 Magnus Austbø Seth (29)
3-0 Magnus Austbø Seth (66)
3-1 Kim-André Lid Alvestad (90)

Norborg rundspelte Hareid dei første tjue og burde ha leia langt meir enn 1-0. Kampen jamna seg ut, men det var fortent at heimelaget gjekk til pause med 2-0. Norborg var lenge best også etter kvila og auka til 3-0 då Magnus Seth scora sitt andre for kvelden. På slutten tok Hareid over og reduserte utan at sigeren var trua.

Hareid måtte låne Norborg sine reservedrakter i denne kampen og det såg også ut til at det var Norborg A mot Norborg B dei første tjue minutta. Det var total einvegskjøring og dei oransje skapte sjanse på sjanse, men lykkast ikkje før på den sjuande då Magnus Jenssen tok med seg ball framover og slo ein stikkar til Nikolas Fjørtoft i bakrom. Han gjorde ingen feil og sette ballen kontant i nota.

Hareid kom meir med etter målet og Ruben Kenneth Brandal sette eit frispark frå tjue meter i tverra og over. Dette var likevel Norborg sin omgang og Magnus Austbø Seth auka fortent til 2-0 frå kloss hald etter at keeper måtte gi retur på eit frispark frå Matias Vatneødegård og Kristoffer Søviknes sette returen i stolpen.

Norborg starta også best etter kvila og både Nikolas Fjørtoft, Anders Toven og Magnus Austbø Seth hadde sine sjansar før sistnemnte auka til 3-0 på ein lobb over keeper etter ein ball i bakrom av Stian Grytten Skogvoll. Hareid hadde også sine sjansar i denne omgangen og fortente å  avslutte sin fire kampars måltørke med ei scoring på overtid av Kim-André Lid Alvestad.

Dette var ei flott avslutning på ein tung sesong for Norborg. Det vart gjort nokre grep før kampen med å skyve Anders Toven inn som stoppar, duellsterke Kristoffer Søviknes opp på midtbana saman med løpssterke Tarjei Urkedal, medan tekniske Matias Vatneødegård fekk spele i favorittrolla si på offensiv midtbane. Laget fungerte då særs godt og alle leverte ein god kamp. Den beste var likevel Vatneødegård. Synd for både spelar og Norborg at han har hatt ein sjukdomsprega sesong etter ein god vinter.

Norborg var klar for 5. divisjon før denne kampen, men om ein beheld denne stallen så kan det bli ein morosam sesong i 2018.

Laget: Ronald Søvik Olsen - Nikolai Jensen, Jonas Austnes, Anders Toven, Stian Grytten Skogvoll (Marius Austnes, 78) - Kristoffer Søviknes, Tarjei Urkedal - Magnus Austbø Seth (Lars Mikalsen, 86), Matias Vatneødegård (Fredrik Rogne, 86), Magnus Jenssen (Ole Johan Urke, 67) (Fjørtoft, 91) - Nikolas Fjørtoft (Jesper Vos, 67).

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann