tirsdag, oktober 17, 2017
   
Text Size

Volda klart best i Uggedalen

Norborg - Volda 1-6 (1-3)
4. divisjon, Uggedal KGB, 15.09.2017

Sjansar: 4-13
Cornere: 3-7
Avslutningar på mål: 5-14
Avslutningar utanfor: 5-8
Blokkerte avslutningar: 0-2

0-1 Stian Finnøy (18)
0-2 Sjølvmål (34)
1-2 Per-Stian Alvestad (35)
1-3 Stian Finnøy (43)
1-4 Tobias Evebø (56)
1-5 Stian Finnøy (61)
1-6 Stian Finnøy (70)

Medan sist kamp enda med eit bittert tap i ein kamp ein burde ha vunne, så var Norborg ikveld underlegen sin motstandar. Volda haldt eit høgare nivå i alt og Norborg slapp vel igrunn heldig unna med "berre" 1-6.
Norborg har ikkje slått Volda sidan 1976 og var aldri i nærleiken av å gjere det denne gong. Dei første 25 minutta var ikkje så verst av heimelaget og ein hadde eit par sjansar til å score ved Magnus Seth og Per-Stian Alvestad. Avslutningane var diverre for svake.

Defensivt sleit Norborg voldsamt med Volda sin tungvektar Stian Finnøy. I det 18. minutt scora han sitt første av fire mål då han heada kontant i nota frå 5 meter. Dryge ti minutt før pause trengte ikkje Volda å gjere noko for å få mål då Norborg scora sjølvmål. Norborg scora minuttet seinare i riktig mål ved Per-Stian Alvestad etter forarbeid av Anders Toven og Magnus Seth. Like før pause heada Finnøy inn 1-3 og Norborg fekk eit vanskeleg utgangspunkt til 2. omgang.

I 2. omgang så var Norborg frykteleg svake. Arbeidsinnsatsen gjekk ned, stor strekk mellom lagdelane og mange tapte duellar. Tobias Evebø heada inn 1-4, før Finnøy scora ytterlegare to mål. Norborg truga sjeldan Volda sitt mål og kan takke sin keeper Joakim Kjærstad for at det ikkje vart større tap.

I neste kamp skal Norborg møte eit nytt topplag då ein tek turen til Fosnavåg for å møte Bergsøy.

Laget: Joakim Kjærstad – Anders Toven, Jonas Austnes (Kristoffer Søviknes, 46), Tor Abelseth (J. Austnes, 75), Stian Skogvoll (M. Austnes, 68) – Magnus Seth, Marius Austnes (Nikolai Jensen, 46), Jesper Vos (Tarjei Urkedal, 68), Ådne Hellandsvik (Denis Sjåstad, 75) – Nikolas Fjørtoft, Per-Stian Alvestad.


Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann