søndag, desember 17, 2017
   
Text Size

Svak kamp av Norborg

Emblem - Norborg 6-0 (2-0)
4. divisjon, Emblem KGB, 11.08.2017

Sjansar: 13-4
Cornere: 4-3

Avslutningar på mål: 11-3
Avslutningar utanfor: 10-2
Blokkerte avslutningar: 3-0

1-0 Sander Tørlen (12)
2-0 Sondre Hamnøy (13)
3-0 Sondre Hamnøy (67)
4-0 Marcus Steffensen (73)
5-0 Marcus Steffensen (88)
6-0 Marcus Steffensen (89)

Norborg leverte sin svakaste kamp for sesongen i den viktige botnkampen mot Emblem. Etter ein lovande start scora heimelaget på sine to første sjansar og såg seg aldri tilbake.


Lite fungerte defensivt og offensivt for Norborg i denne kampen. Det starta likevel brukbart og basert på dei ti første minutta var det ingen grunn til å tru at det skulle bli eit 6-0 tap. I det 12. minutt rakna det då det blir slått ei totalt unødig langpasning frå sideback til sideback. Emblem vinn ballen og fossa fram på si høgreside. Det harde innlegget sette Sander Tørlen i nota frå fem meter. Minuttet etter mister Norborg ballen like utanfor 16 meteren etter ei ny horribel pasning. Emblem og Sondre Hamnøy er nådelaus og klinkar ballen i nota. Mål pregar kampar og Emblem hadde på dette minuttet fått kampen inn i sitt spor. Utan å imponere kontrollerte dei resten av omgangen og trass ein stor sjanse til Per-Stian Alvestad så var Emblem nærmare tre enn Norborg  redusering.

Lite skjer dei første tjue minutta etter pause. Norborg får ikkje til noko offensivt, men har i denne perioden ein viss kontroll defensivt. Halvvegs ut i omgangen sette Hamnøy inn 3-0 etter at Norborg ikkje får klarert ein corner. Nikolas Fjørtoft er nær redusering like etter, men måtte sjå sitt gode skot bli redda av heimelaget sin keeper. I staden er det innbytar Marcus Steffensen som sette inn 4-0 frå kloss hald etter ei god redning av Norborg sin nye keeper Yerzhan Sergazin. Steffensen, som gjorde comeback etter to år utan fotball, sette ballen i mål to gongar til på tampen og gjorde dagen heilsvart for dei oransje.

Laget: Yerzhan Sergazin – Anders Toven (Stian Skogvoll, 46), Jonas Austnes, Tor Abelseth, Nikolai Jensen – Marius Austnes (Ole Johan Urke, 25) (Toven, 63), Tarjei Urkedal, Ruben Holmeset – Nikolas Fjørtoft (Vos, 85), Per-Stian Alvestad (Pedro Silva, 46), Jesper Vos (Alvestad, 67).

 


Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann