mandag, august 21, 2017
   
Text Size

Avslutta vårsesongen med stil - sterk siger over Hareid

Hareid -Norborg 0-1 (0-1)
4. divisjon, Hareid stadion, 30.06.2017

Sjansar: 9-3
Cornere: 8-2
Avslutningar på mål: 2-4
Avslutningar utanfor: 14-6
Blokkerte avslutningar: 4-2

0-1 Per-Stian Justsen Alvestad (16)

Norborg vann sin andre kamp på rad, passerte Langevåg og Emblem på tabellen og tek dermed ferie på sikker plass. Det unge og urutinerte Norborg-laget tok leiinga eit kvarter ut i kampen då Per-Stian Alvestad heada ballen i fin boge over keeper og i mål. Det meste handla etter dette om å forsvare leiinga. Hareid kom seg til fleire gode sjansar, men denne gong hadde Norborg marginane på si side og tok sin fjerde strake siger på Hareid stadion.

Vi gjer ein vri og begynne med lagoppstillinga. Ronald Søvik Olsen - Anders Toven, Jonas Austnes, Tor Abelseth, Stian Grytten Skogvoll (Trond Espen Rogne) - Ådne Hellandsvik, Marius Austnes, Tarjei Gjerset Urkedal, Jesper Vos (Matias Vatneødegård, 84) - Magnus Austbø Seth (Alvestad, 89), Per-Stian Justsen Alvestad (Nikolas Fjørtoft, 46).

Snittalderen på dette laget er 20 år (18,9 om vi ser bort i frå Tarjei). Tarjei har med sine 542 A-kampar spelt fleire kampar enn resten av laget til saman. Då har vi lov å seie at vi har eit ungt og urutinert lag, men kva gjer vel det når gutane kjemper som løver? Vi kan ta med at snittalderen på Hareid også er temmeleg ungt. 22,3 år for startoppstillinga.

- Heldigvis hadde eg så mykje å gjere på jobb at eg slapp å tenke meg gal på at Kristoffer (Søviknes) melde forfall til kampen tidlegare i dag, sa trenar Kristian Søviknes. Med Kristoffer sitt forfall så var det femte gong på rad at kapteinen i sist kamp ikkje kunne spele grunna skade/sjukdom. Norborg har ei kapteinsgruppe med fem spelarar, med dei fire andre borte så fekk Jonas Austnes den tvilsame æra av å bere kapteinsbindet. Det greidde stopparen godt og leia sine troppar til "clean sheet".

Spelemessig så sleit Norborg på den tørre og humpete grasmatta på Hareid. Vi skal ikkje gi bana all skyld, for heimelaget bidrog også sterkt til at det var ein del balltap med sin aggressive spelestil. Her var det null tid med ball for norborgarane og vi forstår kvifor Hareid slepp inn få mål. Vi forstår også kvifor laget scorar lite. For av tjue skot var det to som traff mål og eitt som gjekk i stolpen. Hareid bør nok bruke sommaren til å øve på avslutningar.

Kampen starta med eit trykk frå heimelaget dei første minutta, men Norborg greidde gradvis å kome seg inn i kampen og hadde sin beste periode då Per-Stian Alvestad kontrollert heada ballen i boge over keeper og i mål etter at Marius Austnes sitt skot skifta retning. 0-1, og det skulle etter dette bli ein real forsvarskamp for Norborg. I det 21. minutt vart det redning på strek, i det 22. vart det skot i stolpen, i det 28. var det ein god prestasjon av Hareid-spelaren å få ballen over tverra frå 2 meters hald etter corner og i det 35. minutt kom Martinus Bakken igjennom, men avslutninga gjekk rett i klypene til keeper Olsen. Like før pause kom Norborg seg i angrep då Ådne Hellandsvik sende av garde ei presis 40 meters pasning til Magnus Austbø Seth i bakrom. Avslutninga til Seth gjekk diverre ein meter utanfor.

Det venta Hareid-presset i 2. omgang lot vente på seg. Norborg hadde god kontroll det første kvarteret og det skjedde lite framfor måla. I det 63. minutt glapp det likevel då August Brandal fekk ein stor sjanse, men avslutninga gjekk utanfor. Etter glippen fortsette Norborg å ha kontroll og kom seg også til ein grei sjanse på corneren til Hellandsvik. Ballen låg fri på 5-meter før ein norborgar fekk ein fot på ballen, men forsøket vart stoppa.

I jakta på poeng sende Hareid fleire spelarar i angrep. Sjansane kom også, men avslutningane var svake og når det ikkje vart mål på ein dobbeltsjanse som enda med skot over opent mål, så fortente ikkje Hareid noko i denne kampen. Dommaren la til seks minutt, men i tilleggstida skjedde det lite og Norborg kunne juble for tre poeng.

Dette var ein skikkeleg lagsiger, men skal vi trekke fram nokon må det bli Stian Grytten Skogvoll og Anders Toven, som starta sin første kamp i 4. divisjon. Suverent jobba og mang eit Hareid-angrep vart stoppa av desse to tenåringane.

Dette var siste kamp før sommaren. Etter ein vinter med mykje god fotball og trua på ein god sesong, så vart det mykje skader, sjukdom og svake resultat i mai og første del av juni. Ei sterk avslutning gjer at gutane kan ta ferie på trygg grunn og tru på ein betre haust. Og som Tom Nordlie sa; Om jeg ikke er med å kjemper om bøtta, så foretrekker jeg bunnstrid. Den kjedligste sesongen jeg noensinne har hatt var da jeg kom på 7. plass med Odd.

Neste kamp er borte mot Emblem fredag 11. august. Vi ser fram mot ein spennande haust.

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann