mandag, august 21, 2017
   
Text Size

Endeleg siger!

Norborg - Langevåg 2-0 (1-0)
4. divisjon, Uggedal stadion, 23.06.2017

Sjansar: 9-8
Avslutningar på mål: 9-4
Avslutningar utanfor: 8-10
Blokkerte avslutningar: 1-3
Cornere: 6-7

1-0 Jonas Austnes (15)
2-0 Per-Stian Justsen Alvestad (55)

Endeleg kunne Norborg løfte hendene i veret og juble for tre poeng. Sjølv om Langevåg hadde sine perioder i løpet av kampen så var dette ein fortent siger til dei oransje. Laget jobba godt og viste fin angrepsfotball.

Norborg sitt trenerteam valgte å legge litt om på taktikken til denne kampen og ingen kan seie at dei ikkje lykkast. Ser vi bort i frå ein 5-minuttsperiode rundt halvtimen og det første kvarteret av 2. omgang, var Norborg botnsolide og nær ein større siger.

Norborg starta kampen best og kom seg til eit par brukbare sjansar dei første ti minutta, men trefte ikkje mål. Sjølv om Vetle Fiskerstrand kom seg til ein stor sjanse i det 11. minutt var det fullt fortent at Norborg tok leiinga då Jonas Austnes putta frå kloss hald etter at gjestane ikkje greidde å klarere ein corner frå Ådne Hellandsvik.

Etter målet fall Norborg gradvis i kvalitet og Langevåg kom seg til eit par sjansar ved Vetle Fiskerstrand rundt halvtimen. Norborg slapp unna og inn mot pause fekk ein igjen kontroll på kampen. Totalt sett greit at Norborg leia 1-0 til pause.

I 2. omgang starta Langevåg eit valdsamt kjør mot Norborg. Norborg må gi bort både hjørnespark og frispark, men haldt stand. Ti minutt ut i omgangen og heilt mot spelets gong kjempa Per-Stian Alvestad inn 2-0 etter å ha fått ein stikkar i bakrom av Jesper Vos. Keeper Urke fekk først ei hand på Alvestad si avslutning, men han jakta ballen og fekk den over streken.

Langevåg kom seg til ein stor sjanse like etter, men keeper Ronald Søvik Olsen redda godt. I den siste halvtimen verkar Langevåg rådlause og Norborg har full kontroll defensivt og skaper fleire gode sjansar på overgongar, samt eit brent straffespark av Magnus Austbø Seth etter at han sjølv vart felt. På straffesparket sklei Seth litt med stamfoten og ballen gjekk utanfor. Den som kom seg til flest sjansar var likevel Marius Austnes. Både Ådne Hellandsvik, Pedro Silva og Magnus Austbø Seth sette Austnes opp i gode posisjonar, men ballen vart enten redda på strek, redda av keeper eller gjekk utanfor. Dermed ebba kampen ut med 2-0 til Norborg.

Best på Norborg var Tarjei Gjerset Urkedal. I ei rolle som defensiv midtbanespelar vann evigunge Urkedal duell på duell og spelte med stor ro i tronge situasjonar.

Neste kamp er borte mot Hareid fredag 30.  juni kl. 1830.

Laget: Ronald Søvik Olsen - Nikolai Jensen, Jonas Austnes, Kristoffer Søviknes, Tor Abelseth, Ådne Hellandsvik (Mads Even Hatlehol, 87), Tarjei Urkedal, Marius Austnes, Jesper Vos (Stian Skogvoll, 80), Magnus Austbø Seth, Per-Stian Alvestad (Pedro Silva, 72).   

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann