tirsdag, oktober 17, 2017
   
Text Size

Nær poeng i sjanserik kamp

Norborg - Rollon 1-2 (1-1)
4. divisjon, Uggedal stadion, 16.06.2017

Sjansar: 10-10
Cornere: 5-6

0-1 Børge Drevik (24)
1-1 Magnus Austbø Seth (31)
1-2 Andreas Blindheim (61)

Norborg var særs nær å få behalde eitt poeng i kveldens kamp mot Rollon etter ein sterk sluttspurt, men Rollon haldt unna og kunne juble for ein etterlengta siger.

Det var Rollon som kom best igong med høgt press og ein direkte spelestil. Dei heilt store sjansane greidde laget frå Larsgården likevel ikkje å skape sjølv om Daniel Gjerde var nær ved å både snappe ballen før keeper og å få hovudet på ballen frå ein god posisjon. Etter desse meir eller mindre keisame første tjue, så opna kampen seg opp og vi fekk ein underhaldande og sjanserik kamp. Etter at kvart lag hadde brent sin sjanse scora Børge Drevik for Rollon då han står på rett plass til riktig tid etter eit frispark frå Daniel Gjerde som keeper Olsen må gi retur på. Diverre ikkje første gongen i år at Norborg sitt forsvar ikkje er først på ein retur.

Etter mål tek Norborg over kampen i ein periode. Først fekk Nikolas Fjørtoft sjansen til å score etter eit legg av Magnus Austbø Seth før sistnemnde sjølv sette inn 1-1 etter eit strålande innlegg av Ådne Hellandsvik. Nokre minutt seinare var Ole Johan Urke nær å gi Norborg leiinga, men skotet frå 19 meter med retning krysset vart så vidt slått over tverra av Rollon sin gode keeper Jonas Mathiesen. På slutten av omgangen var Rollon nærmast mål då Daniel Østrem heada i stolpen, medan Daniel Gjerde heada like over frå kloss hald. Totalt sett greitt med uavgjort til pause.

Rollon gjekk tøffast ut i 2. omgang og la press på heimelaget. Det resulterte blant anna i nokre farlege hjørnespark og det var nettopp på eit hjørnespark 1-2 målet skulle kome då Andreas Blindheim fekk ballen over streken. Like etter var Daniel Gjerde igjennom, men keeper Ronald Olsen redda godt i ein mot ein duellen. Så tok Norborg endeleg til å vakne. Pedro Silva var ein sentral skikkelse i Norborg sin redningsaksjon på hausten i fjor, men etter eit langt skadeavbrekk har han ikkje vore på same nivå i vår. I denne kampen så starta han i alle fall å kome seg til sjansar etter å ha entra bana tjue minutt ut i 2. omgang. Først var han nær ved å tåe inn ei pasning frå Seth. Så fekk han ein trippelsjanse, men keeper Mathiesen stod i vegen for samtlege tre forsøk frå fem meter før ballen gjekk ut til Marius Austnes på 15 meter som sette ballen fem meter utanfor. Her skulle og burde Norborg ha utlikna. Heller ikkje Rollon var ufarlege og både Eivind Nordstrand og Sander Jacobsen hadde sjansen til å punktere kampen nokre minutt før vi gjekk inn i overtida. På sjølve overtida så var Norborg særs nær å få behalde det eine poenget, men hadde ikkje marginane på si side. Først dribla Nikolas Fjørtoft Anders Giske Hagen, men greidde ikkje å overliste keeper Mathiesen. Så får Norborg indirekte frispark på 7 meter. Silva trilla ballen til Matias Vatneødegård, men skotet gjekk like over krysset. Dermed kunne Rollon juble for tre poeng.

Det positive for Norborg var at ein endeleg starta å produsere sjansar og med litt meir marginar så kunne ein ha stått med minst eitt poeng. Diverre så vinn ein også i denne kampen alt for få andreballar. At våre unge spelarar skal vinne den første duellen kan vi ikkje alltid forlange, men ein må plukke meir av nedfallsfrukta. Best på Norborg synst vi Kristoffer Søviknes var. Han vinn duellane og har ro med ballen.

Neste kamp er heime mot Langevåg fredag 23. juni kl. 1830.

Laget: Ronald Søvik Olsen - Ådne Hellandsvik, Jonas Austnes, Kristoffer Søviknes, Tor Abelseth, Ole Johan Urke (Matias Vatneødegård, 67), Marius Austnes, Tarjei Urkedal, Jesper Vos (Pedro Silva, 64), Magnus Austbø Seth, Nikolas Fjørtoft.

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann