mandag, august 21, 2017
   
Text Size

Juniorane stressa stjernene!

Norborg - Bergsøy 2-3 (1-1)
4. divisjon, Uggedal stadion, 02.06.2017

Sjansar: 4-15
Cornere: 2-13

1-0 Magnus Austbø Seth (7)
1-1 Eirik Heltne (str. 45)
1-2 Daniel Kvalsvik (74)
1-3 Martin Søvik Røren (81)
2-3 Magnus Austbø Seth (90)

Norborg stilte med årets yngste mannskap då ein tok imot formlaget Bergsøy. Norborg fekk ei god åpning då Magnus Austbø Seth heada inn 1-0. Den første halvtimen var sjansemessig jamn, men inn mot pause tok gjestane kraftig over. På overtid av omgangen gav Norborg bort ei unødig straffe som Heltne sette i nota. Etter pause vart Norborg pressa inn i eigen 16 meter nær sagt heile omgangen. Bergsøy såg ut til å ha punkter kampen med to nye mål 10-15 minutt før slutt, men Norborg sine ungdomar gir aldri opp. I det klokka runda 90 minutt sette Seth inn sitt andre mål og skapte ny spenning i kampen. På overtid slo Norborg sin beste spelar, Tor Abelseth, eit godt frispark inn i Bergsøy sitt felt. Eit par norborgarar stod klar til å sette hovudet på ballen, men keeper fekk så vidt avverja til corner. Dermed enda det med 2-3 siger til Bergsøy. Sjølvsagt fortent etter spel og sjansar, men honnør for innsatsen til unge Norborg.

Med faste spelarar som Joakim Kjærstad, Ole Johan Urke, Tarjei Urkedal, Ruben Holmeset, Matias Vatneødegård og Nikolas Fjørtoft borte var det nok få som trudde at Norborg skulle gi formlaget Bergsøy, som hadde vunne sine tre siste med totalt 18-0, hard kamp om poenga. Men dei som fekk sjansen jobba hardt og var disiplinerte. Det vart dermed spenning til siste fløytesignal.

Midtstoppar Tor Abelseth har slete voldsamt med skader etter at han tok 4. divisjon med storm i fjor. Fredag fekk han sin første start for året og i det 7. minutt var det klart for å vise fram høgreslegga då Norborg fekk frispark ti meter utanfor 16-meteren. Abelseth klinka ballen i tverra. Eit skot som hadde fortent å gå i nota, men heldigvis gjekk returen på  hovudet til Magnus Austbø Seth som heada ballen kontrollert i mål til 1-0.

Dei første 25 minutta var jamspelte. Bergsøy hadde ballen mest, men Norborg var like farleg framfor mål og fekk sjansen både på indirekte frispark inne i 16 meteren og måtte sjå ei avslutning av Seth bli redda på strek. Bergsøy på si side hadde nokre farlege skot. Etter kvart som omgangen gjekk vart Norborg pressa meir og meir tilbake på bana og i det 40. minutt vart Franjo Tepuric lagt i bakken innafor straffefeltet. Tepuric sjølv sette straffa stolpe ut. Like etter fekk han ein ny stor sjanse, men keeper Ronald Søvik Olsen fekk slått ballen i tverra og over. På overtid i omgangen fekk Bergsøy ny straffe etter ein unødig hands. Eirik Heltne sette straffa sikkert i nota og Norborg måtte bittert gå til pause med 1-1 etter ein omgang med knallhard jobbing.

Etter pause vart det stort sett spel mot eitt mål. Norborg kom seg ikkje opp i bana og Bergsøy malte på og skapte sjanse på sjanse. Målet let likevel vente på seg til det 74. minutt då  Roar Amundsen fann Daniel Kvalsvik framfor mål, som sette inn 1-2. Sju minutt seinare klinka Martin Søvik Røren inn 1-3 etter eit nytt innspel frå venstre. Kampen verka punktert, men i det klokka passerte 90 minutt heada Magnus Austbø Seth inn 2-3 etter eit godt slått frispark av Ådne Hellandsvik. På overtid kunne Norborg ha rana med seg eitt poeng då eit godt slått frispark av Abelseth var på veg mot Seth sitt hovud, men keeper fekk så vidt ein neve på ballen og slå den til corner. Dermed ebba kampen ut med 2-3 til gjestane frå Fosnavåg.

Neste kamp for Norborg er borte mot Godøy fredag 9. juni.

Laget: Ronald Søvik Olsen - Jonas Austnes, Tor Abelseth (Trond Espen Rogne, 82), Kristoffer Søviknes, Nikolai Jensen, Stian Skogvoll (Anders Toven, 71) (Abelseth, 90), Marius Austnes, Jesper Vos (Per-Stian Alvestad, 83), Mads Even Hatlehol (Silva, 71), Pedro Silva (Ådne Hellandsvik, 58), Magnus Austbø Seth.

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann