søndag, november 19, 2017
   
Text Size

Statistikkhjørnet

Norborg har spelt seks kampar i 4. divisjon og vårt unge lag har fått eit tøft møte med det som på papiret er tidenes beste 4. divisjon på Sunnmøre. Med tre uavgjorte og tre tap så ventar ein framleis på den første sigeren. Det positive er at avstanden opp til midten av tabellen er minimal. Fjorårets 4. divisjonsmeister Skarbøvik er berre to poeng framfor på sin 8. plass. Ein har også tatt eitt poeng meir enn på dei seks første kampane i fjor.
Tabell

På dei første 6 kampane så har heile 23 spelarar fått speletid. Åtte spelarar har spelt i alle kampane. Keeper Joakim Kjærstad er den einaste som har spelt samtlege 540 minutt. Jonas Austnes (529) og Magnus Austbø Seth (523) er dei som er nærmast. Anders Toven og Denis Sjåstad har flest innhopp med fire kvar.

Nikolas Fjørtoft er den mest effektive spelaren med 2 mål på 471 minutt. Han bruker då 236 minutt pr. mål. Han er då også lagets toppscorar, saman med "sjølvmål". Totalt har fem andre Norborg-spelarar notert seg for eitt mål kvar. Magnus Austbø Seth har flest målgjevande med tre. Nikolas Fjørtoft har 2.
Oversikt effektivitet/kampstatistikk

På norborg.com børsen så har Kristoffer Søviknes best snitt med 6,40, medan Joakim Kjærstad (6,17) og Ole Johan Urke (6,00) følgjer på plassane bak. Nikolas Fjørtoft og Ruben Holmeset er også inne på topp 5 med 5,67 i snitt.

Norborg slepp inn mest mål den første halvtimen av kampen og den siste halvtimen. Kvarteret inn mot pause og kvarteret etter pause er Norborg sin beste periode. Då har ein positiv målskilnad.

Tid Norborg Motstandar
1-15 min 1 5
16-30 min 3 6
31-45 min 2 1
46-60 min 2 1
61-75 min 1 4
76-90 min 4

Norborg skaper få klare målsjansar. Hittil har det blitt 25, medan motstandar har 61. Utnyttinga er bra med 36%. Motstandar har 34,4%.

Norborg ligg også klart under i antall hjørnespark. Norborg har fått 15 hjørnespark, medan motstandar har 49. Norborg har til gode å score, medan motstandar har scora på 2.

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann