onsdag, november 22, 2017
   
Text Size

Heiderleg resultat mot Volda

Volda - Norborg 4-2 (2-1)
4. divisjon, Volda stadion, 26.05.2017

Sjansar: 15-3
Cornere: 8-2

1-0 Kenneth-André Hole (2)
2-0 Tobias Evebø (27)
2-1 Marius Finstad Austnes (45)
2-2 Sjølvmål (52)
3-2 Robert Dahlberg (65)
4-2 Tobias Evebø (74)

Volda tok tidleg leiinga og styrte store delar av denne kampen, men Norborg jobba godt og gav aldri opp. Oransjetrøyene kom då overraskande tilbake frå 2-0 til 2-2. Medan Norborg sitt første mål var kampens vakraste med eit skot heilt oppe i vinkelen så var utlikninga av det komiske slaget då ein Volda-forsvarar upressa skyt ballen mot eige mål frå 16 meter. Ballen skrudde seg fint forbi keeper og i mål. Volda slo likevel tilbake og vann relativt komfortabelt.

Norborg var levna få sjansar mot eit av divisjonens beste lag, og kampen opna på verst tenkelege måte då Kenneth-André Hole vann ein duell på bakre stolpe og heada inn 1-0 etter innlegg frå høgre. 75 sekund hadde då blitt spelt. Volda fortsette å styre kampen og kom seg til mange innlegg frå si høgreside. Sjansane vart likevel ikkje omsett i mål før i det 27. minutt då Tobias Evebø heada ein corner i mål.

Norborg kom litt meir med det siste kvarteret av omgangen og Magnus Austbø Seth vart spelt fram til ein bra sjanse i det 33. minutt, men avslutninga gjekk eit stykke utanfor. Volda var slettes ikkje ufarlege i denne perioden av omgangen heller, og fekk ei avslutning redda på strek av Anders Toven. To minutt på overtid fekk Norborg innkast på høgde med 16 meteren. Nikolai Jensen kasta til Seth, som spelte vidare til Marius Finstad Austnes utanfor 16 meteren. Han klinka til og ballen fauk i mål oppe ved krysset til 2-1.

Reduseringa like før pause tente håpet for dei oransje. Ein gjekk aggressivt til verks i 2. omgang og berre 20 sekund ut i omgangen fyrte Pedro Silva av frå 20 meter, men Volda sin keeper fekk vippa ballen over stanga. Utlikninga skulle likevel kome og det på ein høgst overraskande måte. Ein Volda-forsvarar mottok ballen upressa på 16 meteren, vende seg mot eige mål og sende av gårde ei hard pasning i knehøgde som skrur seg forbi keeper og i mål.

Etter utlikninga skrudde Volda opp tempoet og skapte fleire sjansar før Robert Dahlberg sette inn ein retur etter frispark frå nokre og tjue meter. Eit kvarter før slutt fekk Tobias Evebø bruke Jonas Austnes som klatrestativ og heada inn 4-2. Kampen var då kjørt og Norborg sine spelarar brukte for det meste det siste kvarteret på å syte og klage. Volda hadde eit par sjansar til å auke leiinga, men kom ikkje nærmare enn eit skot i stolpen.

Neste kamp er heime mot Bergsøy fredag 2. juni kl. 1830.

Laget: Joakim Kjærstad - Nikolai Jensen, Jonas Austnes, Kristoffer Søviknes, Ole Johan Urke (Anders Toven, 22), Marius Austnes, Ruben Holmeset (Skogvoll, 72) (Trond Espen Rogne, 89), Tarjei Urkedal (Stian Skogvoll, 30) (Jesper Vos, 56) (Denis Sjåstad, 80), Magnus Austbø Seth (Mads Even Hatlehol, 84), Pedro Silva, Nikolas Fjørtoft (Per-Stian Alvestad, 80).

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann