fredag, januar 19, 2018
   
Text Size

Heimekamp mot Skarbøvik fredag kl. 1830

Norborg tek imot Skarbøvik fredag kl. 1830 til årets første graskamp i Uggedalen. Begge lag kunne nok ha ønska seg ein betre start på sesongen og treng tre poeng i denne kampen for å ha heng med laga over midten, og ikkje minst få eit pusterom til tabellbotnen.

Norborg ønsker Tarjei Urkedal og Jesper Vos tilbake på laget. Urkedal har berre spelt ein kamp hittil, medan Vos har vore ute med skade sidan mars. Matias Vatneødegård stod over med sjukdom sist, men er no frisk og tilbake på laget. Dermed lysnar det for Norborg.

Norborg og Skarbøvik har ei kort historie i lag. Dette er berre tredje sesongen ein er i same divisjon. På desse fire kampane, samt eit par treningskampar, så har det aldri blitt heimesiger verken i Uggedalen eller på Siffen. Like før påske vann Norborg 4-3 på Siffen.

Dommar: Martin Solheim (Spjelkavik)
Assistentar: Norvald Lausund (Lepsøy) og Ole Petter Stenberg (Sunnylven)

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann