onsdag, september 20, 2017
   
Text Size

Tøft møte med Hødd2

Hødd 2. lag - Norborg 7-1 (5-1)
4. divisjon, Høddvoll, 12.05.2017

Sjansar: 13-5
Cornere: 10-3

1-0 Isak Haanes (11)
2-0 Preben Sætre (17)
3-0 Isak Haanes (18)
3-1 Sjølvmål (20)
4-1 Håkon Brautaset (29)
5-1 Sander Djupvik (38)
6-1 Andreas Breimyr (76)
7-1 Isak Haanes (88)

Norborg fekk det som venta tøft mot divisjonens topplag. Etter ein brukbar start rann måla inn i ein halvtimes periode før pause. I 2. omgang stod Norborg lenge godt imot heimelaget sine kvikke og tekniske spelarar, men nye personlege feil det siste kvarteret gjorde at ein ikkje greidde målet om å halde nullen etter pause.

På papiret kanskje årets tøffaste kamp, og det hjalp heller ikkje at ein også i denne kampen mangla fleire sentrale spelarar. Det opna likevel ikkje så verst for dei oransje, men då Hødd2 scora 3 mål på sine 4 første sjansar var kampen i realiteten over. Dryge ti minutt ut i kampen snappa Hødd2 ballen på midten etter eit svakt mottak og Isak Haanes kontra inn leiarmålet. Seks minutt seinare vart det 2-0 då Preben Sætre mottek ballen eit par meter frå kortlinja ti meter frå stolpen. Forsøket var nok meint som eit innlegg på bakre stolpe, men går i staden i fin boge over keeper og i mål. Minuttet seinare puttar Isak Haanes sitt andre for dagen bak eit forfjamsa Norborg-forsvar. Norborg redusera raskt til 3-1 då Magnus Austbø Seth si heading i tverra trefte keeper og gjekk i mål. Nikolas Fjørtoft stod for innlegget.

Det lille håpet Norborg hadde i å kome tilbake i kampen vart effektivt stoppa då Håkon Brautaset prikka inn 4-1 frå 17 meter. Norborg hadde sine sjansar til å redusere før pause ved Kristoffer Søviknes og Nikolas Fjørtoft, men i staden gjorde Sander Djupvik 5-1 før pause.

Dei første tjue minutta av 2. omgang var rolig. Heimelaget hadde ein del ball, men klarte ikkje å trenge igjennom Norborg sitt forsvar som før pause. Norborg var sporadisk frampå og normalt hadde nok Magnus Seth scora då han fekk fyrt av frå 14 meter i det 66. minutt, men ballen gjekk rett på keeper. I det siste kvarteret fall Norborg tilbake til gamle synder og Andreas Breimyr og Isak Haanes auka Hødd2 si leiing med to mål.

Å tape 7-1 er sjølvsagt stygt, men det er ikkje i ein bortekamp mot Hødd2 Norborg kalkulerer poeng. Det positive er at vi kunne sjå litt framgong i det offensive spelet i høve kampen mot Larsnes/Gursken, men det blir gjort for mange personlege feil, og det blir ein hardt straffa for mot kvikke og tekniske Hødd-spelarar.

Neste kamp er heime mot Skarbøvik fredag 19. mai kl. 1830.

Laget: Joakim Kjærstad - Jonas Austnes, Kristoffer Søviknes, Ole Johan Urke, Jonas Holmeset (Pedro Silva, 63), Marius Austnes (Denis Sjåstad, 46), Ole-Kristian Aarseth, Ruben Holmeset (Anders Toven, 70), Nikolai Jensen, Magnus Austbø Seth, Nikolas Fjørtoft (Tor Abelseth, 70).

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann