mandag, juli 24, 2017
   
Text Size

Fekk juling i eiga borg

Norborg - Larsnes/Gursken 1-5 (1-2)
4. divisjon, Uggedal KGB, 04.05.2017

Sjansar: 3-12
Cornere: 3-8

1-0 Magnus Austbø Seth (15)
1-1 Anders Vaagen (21)
1-2 Tor-Jørgen Kleppe (26)
1-3 Jan Petter Mork (66)
1-4 Anders Vaagen (71)
1-5 Henrik Eidheim (89)

Norborg tok leiinga, men vart etter kvart nokre nummer for små mot det rutinerte laget frå Sande. Gjestane snudde kampen etter eit par tilfeller av akutt narkolepsi av Norborg på dødball før pause. 2. omgang starta jamnt og Norborg skulle fått sjansen frå straffemerket då bursdagsguten Matias Vatneødegård vart lagt i bakken, men utruleg nok vart det ikkje dømt. I staden aukar gjestane til 1-3. Norborg har då lite å stille opp med og Gulars fekk gjere som dei ville.

Det vart til slutt storsiger til gjestane, men det var ikkje noko som skulle tilseie det basert på dei første tjue minutta. Kampen var då jamspelt og Norborg tok også leiinga 1-0 då Nikolas Fjørtoft kom rundt på kant og fann Magnus Austbø Seth framfor mål. Så starta det meste å gå galt for heimelaget. I det 21. minutt fekk Gulars frispark ute til venstre midt inne på Norborg sin halvdel. Ballen vart slått kort til Anders Vaagen som fekk gå og gå utan at nokon la press på han. Godt inne i 16 meteren sette han ballen presist i mål med Norborg sine spelarar som passive tilskodarar. Fem minutt seinare søv heimelaget igjen. Denne gong på corner. Ein bortespelar fekk ta med seg ballen inn i 16 meteren og avslutte i stolpen. Returen plukka Tor-Jørgen Kleppe opp og sette i nota. Gulars hadde sine sjansar til å auke leiinga, medan Seth fekk sin sjanse til å utlikne like før pause, men greidde ikkje å overliste keeper. Dermed 1-2 til pause.

Dei første tjue minutta av 2. omgang var jamne og sjansefattig. Eit kvarter ut i omgangen vart Norborg snytt for straffe då Matias Mork Vatneødegård vart lagt i bakken innafor straffefeltet. Med 2-2 kunne Norborg ha fått med seg noko frå denne kampen, men kort tid etter denne missen frå dommarane så gjekk gjestane opp i 1-3 då Jan Petter Mork fekk stå åleine innafor 16 meteren og prikke ballen i nota. Då ramla Norborg fullstendig saman og Gulars gjorde som dei ville. Vaagen auka til 1-4 etter ei svak pasning i Norborg sitt forsvarsledd. Medan Henrik Eidheim fastsette sluttresultatet til 1-5 etter fint kombinasjonsspel på høgresida.

Sjølv om Norborg vart snytt for ein sjanse til å utlikne til 2-2 frå kritmerke, så bør ikkje det vere fokuset. Norborg leverte ein svak kamp og har mykje å rette på i eige spel. Ein skaper nær sagt ingenting offensivt. Tempo på ball, sette opp rettvendte spelarar, ettertrykk, kort sagt, vi såg ikkje noko av det offensive spelet laget viste i treningskampane i vinter. Den største skuffelsen var likevel at mange av spelarane ikkje var fokusert. Fleire av måla hadde vore unngått om ein var vaken og på tå hev. For sjølv om ein er underlegen fysisk så skal ein ha nok fart i beina til å henge med når ballen er på bakken.

Neste kamp er borte mot Hødd2 fredag kl. 1830.    

Laget: Joakim Kjærstad - Jonas Austnes (Anders Toven, 79), Nikolai Jensen, Ole Johan Urke, Jonas Holmeset, Marius Austnes, Tarjei Urkedal (Christian Sæther, 79), Matias Vatneødegård, Ruben Holmeset (Magnus Jenssen, 71), Magnus Seth (Per-Stian Alvestad, 79), Nikolas Fjørtoft (Pedro Silva, 74).

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann