mandag, juli 24, 2017
   
Text Size

Kapra med seg eitt poeng mot FK Sykkylven

FK Sykkylven - Norborg 1-1 (1-1)
4. divisjon, Ikornnes KGB, 28.04.2017

Sjansar: 7-4
Cornere: 12-3

1-0 Bengt Hole Alnes (14)
1-1 Nikolas Fjørtoft (18)

Norborg fekk med seg eitt poeng i den tøffe bortekampen mot FK Sykkylven. Gutane jobba godt defensivt, men sleit med det offensive spelet.

Heimelaget la eit massivt trykk på Norborg det første kvarteret og etter nokre brente sjansar gav kraftspissen Bengt Hole Alnes laget leiinga etter at høgrekanten kom seg rundt og la 45 ut til Alnes som avslutta med eit skot i lengste frå om lag straffemerket. Etter målet tok Norborg meir og meir over spelet. Fire minutt etter heimelaget si leiing kom utlikninga då Nikolas Fjørtoft putta etter at Magnus Seth stussa eit innkast inn i 16 meteren. Fjørtoft tverrvende og sette ballen inne ved lengste stolpe.

Den siste halvtimen av 1. omgang var Norborg sin klart beste periode i kampen. Ein greidde då å halde ballen på bakken og midtbana med Ruben Holmeset som den framtredande støtta opp om spissane. Seth var eit par skonummer frå å skli inn ei pasning frå Fjørtoft, Urke var ei god redning frå keeper Garli frå å score sitt andre frisparkmål for sesongen, Fjørtoft greidde ikkje å få same svung over skotet som ved målet då han vart spelt igjennom av Holmeset, medan Søviknes fekk eit mål korrekt annullert for angrep på keeper sekunda for pause. Totalt sett var uavgjort eit greit resultat når laga gjekk til pause.

Fire minutt ut i 2. omgang var Norborg igjen nær ved å ta leiinga, men Urke sitt frisparkinnlegg vart heada rett på keeper av Søviknes frå fem meter. Ein halvmeter til sida og keeper hadde vore sjanselaus. Dette var den siste sjansen Norborg skapte. Midtbana var overhode ikkje til stede offensivt og greidde aldri å fore spissane med dei rette ballane. FK Sykkylven styrte kampen, men trass mange situasjonar i og rundt Norborg sin 16 meter så vart det skapt få klare sjansar. Norborg sitt forsvar jobba iherdig, men tjue minutt før slutt glapp det då Damian Cruz plutseleg fann seg sjølv åleine med keeper Kjærstad. Sistnemnde gjorde seg stor og lot seg ikkje overliste.

I sluttminutta fekk Søviknes sitt andre gule kort, men sjølv med forsvarssjefen borte haldt Norborg stand og fekk med seg eitt poeng. - Unødig av meg, men kanskje karantenen i neste kamp kan gjere meg frisk, sa Søviknes etter kampen. Han har nemleg spelt med sjukdom i begge seriekampane.

Norborg sin bestemannspris går til keeper Joakim Kjærstad.

Neste kamp er heime mot Larsnes/Gursken torsdag 4. mai kl. 1830.

Laget: Joakim Kjærstad - Nikolai Jensen, Jonas Austnes, Kristoffer Søviknes, Ole Johan Urke, Matias Vatneødegård (M. Austnes, 80), Ruben Holmeset (Denis Sjåstad, 80), Marius Austnes (Jonas Holmeset, 66), Stian Skogvoll (Christian Sæther, 86), Magnus Austbø Seth, Nikolas Fjørtoft.

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann