tirsdag, mai 30, 2017
   
Text Size

Bortekamp mot FK Sykkylven fredag kl. 1830

Norborg sitt herrelag startar langhelga med tur til Ikornnes for å møte FK Sykkylven. "Fake News" er i vinden for tida og det gjeld ikkje minst enkelte nettsider sine omtaler av FK Sykkylven før sesongstart. Det vart hevda at FKS hadde mista det som var av gode spelarar, men samanliknar vi lagoppstillinga deira i årets serieopning opp mot det dei stilte mot Norborg i fjor haust, så ser vi at dette ikkje stemmer. FK Sykkylven stilte langt sterkare no og fekk også med seg eit sterkt bortepoeng mot Rollon. FK Sykkylven var det einaste laget i fjor som vann begge sine kampar over Norborg. I snøvkava på Ikornnes for omtrent eit år sidan fekk ein juling 4-0, medan det vart 2-3 tap i Uggedalen. Bengt Hole Alnes scora 3 av dei mørkeblå sine 7 mål mot Norborg i fjor og er ein mann å passe på.

Norborg stille omtrent som i 2-2 kampen mot Emblem sist. Christian Sæther, Denis Sjåstad og Jonas Holmeset er likevel inne i troppen, medan Tarjei Urkedal ikkje er funne god nok etter å ha tilbrakt eit par veke i Spania. FKS blir knappe favorittar, men på ein god dag så er det absolutt sjansar for Norborg å ta heim sigeren.

Dommar: Roholla Ahmadzai (Langevåg)
Assistentar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg) og Marin Solheim (Spjelkavik)

Andre kampar:
Larsnes/Gursken - Rollon (b)
Emblem - Hareid (h)
Skarbøvik - Bergsøy (b) Laurdag
Langevåg - Volda (b) Laurdag
Hødd2 - Godøy (h) Måndag

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann