søndag, november 19, 2017
   
Text Size

4. divisjon: Tett opningsrunde

Bergsøy - Hødd2 2-3 (1-1)
Hareid - Langevåg 2-1 (1-0)
Norborg - Emblem 2-2 (1-1)
Rollon - FK Sykkylven 1-1 (1-1)
Volda - Skarbøvik 1-0 (0-0)
Godøy - Larsnes/Gursken 1-2 (1-0)

Det vart ei temmeleg jamnspelt og ganske målfattig opningsrunde i 4. divisjon. 18 mål på 6 kampar gir 3 mål i snitt. I fjor så var snittet 4 mål i denne divisjonen. Ingen av dei fem beste laga i fjorårets 4. divisjon greidde å vinne i opningsrunda. Dei tre beste, Skarbøvik, Langevåg og Godøy måtte alle sjå seg slått med eitt mål. Halvparten av laga som kom ned frå 3. divisjon vann sine kampar. Volda fekk det kanskje uventa tøft mot SIF og vann med knappast mogeleg margin, medan Hødd2 tok ein heldig siger over nedrykkskollega Bergsøy. Bergsøy sin rutinerte Frank Sverre Skorpen stod for ein heit kandidat til årets mål. Målet kan du sjå på Bergsøy si heimeside (ca. 2 min og 20 sekund ut i videoen). 1977-modellane har jo for vane å bli toppscorarar i denne divisjonen. Vil Skorpen ta over etter stafettpinnen no som Svein-Arve Alnes har gått til Giske og Nils Ottar Sandø angivelig har lagt opp? Rollon skuffa nok seg sjølve stort med berre uavgjort mot FK Sykkylven, som er Norborg sin komande motstandar.

Runde 2 er spreidt over tre kampdagar og er som følgjande:

Larsnes/Gursken - Rollon (fredag kl. 1830)
Emblem - Hareid (fredag kl. 1830)
FK Sykkylven - Norborg (fredag kl. 1830)
Skarbøvik - Bergsøy (laurdag kl. 13)
Langevåg - Volda (laurdag kl. 1630)
Hødd2 - Godøy (måndag kl. 1830)

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann