mandag, juli 24, 2017
   
Text Size

Debutanten sikra poengdeling

Norborg - Emblem 2-2 (1-1)
4. divisjon, Uggedal KGB, 21.04.2017

Sjansar: 5-8
Hjørnespark: 2-6

0-1 Elias Dahlberg (str. 14)
1-1 Ole Johan Øster Urke (29)
1-2 Thomas Seth Gjøsund (55)
2-2 Ruben Grytten Holmeset (71)

Norborg låg under to gongar, men nekta å gi seg mot det duellsterke laget frå Emblem og redda eitt poeng då debutant Ruben Grytten Holmeset sende ballen i fin boge over keeper og i nota. Kampen vart prega av ein sur vind, mykje kjemping og lite konstruktivt spel. Emblem skapte dei fleste sjansane og kan vel seie seg minst nøgd med det eine poenget.

- Vi bør vel seie oss nøgde med eitt poeng utifrå korleis kampen utvikla seg. Vi kjem tilbake to gongar frå å ligge under og det er sterkt av ei ung og ny spelargruppe i første seriekamp. Føler vi i litt for stor grad blir med på Emblem sin duellfotball, men viser samstundes at når vi tør å bruke ballen så er vi eit spennande lag. Vi gleder oss allereie til neste kamp, sa trenar Kristian Søviknes etter kampen.

Det vart ingen festfotball i Uggedalen i seriestarten. Norborg kom aldri skikkeleg i gong med sitt offensive spel dei har vist i mange av treningskampane. Det vart for ofte valgt ein lang ball i bakrom som gong på gong vart tatt av vinden og gjekk inn til keeper eller ut over kortlinja. Ein greidde dermed aldri å utnytte medvinden ein hadde før pause. Emblem kom til kampens første sjanse i det 8. minutt og berre ei fantastisk reaksjonsredning av Joakim Kjærstad hindra scoring. Nokre minutt seinare fekk Emblem straffe. Norborg rotar det til i forsvar, men skulle vel også hatt frispark då ein mista ballen utanfor straffefeltet. Dommar let spelet gå og det endar med at ein Emblem-spelar går ned i feltet etter å ha fått ei hand på skuldra. Straffa sette Elias Dahlberg sikkert i nota.

Lite skjedde det komande kvarteret, men så fekk Norborg og Ole Johan Urke sjansen på frispark frå 22 meter. Kaptein Urke gjorde ingen feil og banka ballen i nota. 1-1, noko som stod seg til pause.

I 2. omgang hadde Norborg ein dobbelsjanse til å ta leiinga, men først redda keeper, så banka Anders Toven ballen like utanfor krysset. I staden tok Emblem igjen føringa då Thomas Gjøsund stussa ballen over keeper og i mål etter eit frisparkoppspel frå 45 meter. Emblem hadde sine sjansar til å auke leiinga, medan Kristoffer Søviknes var nær ved å utlikne etter ein godt slått corner av Matias Vatneødegård. Headinga til Søviknes gjekk diverre like over mål.

Norborg viste sporadisk at når ein greidde å halde ballen på bakken, kunne ein skape sjansar. Tjue minutt før slutt fekk vi sjå eit slikt angrep. Norborg greidde å halde ballen på den siste tredjedelen av bana og etter nokre kombinasjonar mellom Nikolai Jensen, Ruben Holmeset og hovudet til Nikolas Fjørtoft fekk Holmeset sjansen og fann nettmaskene då han sende ballen i fin boge over keeper til 2-2.

Emblem hadde eit lite trykk i sluttminutta, men Norborg hadde stort sett kontroll og redda poenget.

Kaptein og eldstemann med sine 28 år, Ole Johan Urke, vart kåra til Norborg sin beste spelar.

Neste kamp er borte mot FK Sykkylven fredag 28. april kl. 1830. 

Laget: Joakim Kjærstad - Nikolai Jensen, Jonas Austnes, Kristoffer Søviknes, Ole Johan Urke, Stian Grytten Skogvoll (Anders Toven, 46) (Mads Even Hatlehol, 78), Marius Austnes, Ruben Grytten Holmeset (Skogvoll, 78), Matias Mork Vatneødegård, Magnus Austbø Seth, Nikolas Fjørtoft (Pedro Silva, 80).

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann