lørdag, november 18, 2017
   
Text Size

G19: God start på sesongen

Norborg/Ravn/Harøy - Ørsta 6-0 (1-0)
G19 1. divisjon, Uggedal KGB, 17.04.2017

1-0 Magnus Seth (22)
2-0 Magnus Seth (60)
3-0 Magnus Seth (63)
4-0 Ruben Holmeset (68)
5-0 Illya Pekarskiy (75)
6-0 Magnus Seth (77)

Heimelaget tok til slutt ein komfortabel siger heime mot Ørsta i seriestarten.

Norborg styrte 1. omgang, men sleit med utteljinga. Det vart med Magnus Seth si kontrollerte heading midtvegs i omgangen. Utanom dette vart det brent ein del klare sjanser i tillegg til at Nikolai Jensen og Stian Skogvoll traff stolpen kvar sin gong.

Andre omgang fortsette som den første med eit overtak til heimelaget, men i denne omgangen skulle ein finne nettmaskene langt oftare. Etter eit mållaust første kvarter putta ein heile fem mål den siste halvtimen. Magnus Seth plussa på med tre mål, Ruben Holmeset stod for kampens flottasste mål, medan Illya Pekarskiy scora sitt første juniormål. 

Neste utfordring for juniorane er borte mot Emblem om ei veke. Emblem opna med 3-2 tap for Bergsøy.

Laget: Szoma, Trond Espen Rogne, Anders Toven, Nikolai Jensen, Stian Skogvoll, Jonas Holmeset (Vidar Nilsen Rogne, 66), Sander Harnes (Anders Urkedal, 28) (Vatneødegård, 81), Marius Austnes (Ruben Holmeset, 66), Matias Vatneødegård (Lars Mikalsen, 70), Magnus Seth, Magnus Jenssen (Illya Pekarskiy, 61)

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann