onsdag, november 22, 2017
   
Text Size

Siger i generalprøva

Midsund - Norborg 1-2 (1-1)
Treningskamp, Skeidvoll KGB, 12.04.2017

Sjansar: 7-4
Cornere: 3-1

0-1 Ole-Kristian Aarseth (6)
1-1 ? (34)
1-2 Ruben Holmeset (75)

Eit nykomponert Norborg hadde marginane på si side og vann generalprøva borte mot Midsund etter mål av grytastrandarane Ole-Kristian Aarseth og Ruben Holmeset, som scora sitt første mål for A-laget. Midsund var nær utlikning i sluttminutta, men kom ikkje nærmare enn eit par avslutningar i stolpen.

Norborg sitt trenarteam valgte å la mange av spelarane med lite speletid i oppkjøringa få sjansen i denne kampen. Ein stod dermed igjen med berre fire mann frå startoppstillinga i sist kamp mot SIF. Ole-Kristian Aarseth er heime på påskeferie og takka for tilliten frå start med å score kampen sitt første mål då han vart spelt fri av Ole Johan Urke i det 6. minutt. Dette var Norborg sin einaste målsjanse før pause. Laget bar tydeleg preg over å vere lite samspelt og fleire spelarar har nok også sett betre form. Midsund styrte spelet, men møtte eit Norborg-forsvar som gjorde mykje riktig. Det måtte eit frispark til for å få hol på byllen. Keeper Ronald Olsen redda først skotet, men det var heimespelarane som var hissigast på returen og fekk satt ballen i nota. Laga gjekk til pause med 1-1 og 4-1 i sjansar til Midsund.

Norborg fekk meir struktur på laget etter pause. Ein hadde i lange periodar kontroll defensivt og trua heimelaget meir offensivt. I det 70. minutt fekk Aarseth ein god sjanse til å score sitt andre mål for dagen då han vart satt opp av Ruben Holmeset, skotet var diverre av ikkje samme kaliber som Holmeset forarbeid. Fem minutt seinare var det Holmeset sjølv som fekk sjansen etter forarbeid av Magnus Jenssen. Holmeset gjorde ingen feil og putta ballen i nota. I løpet av dei siste fem minutta pressa heimelaget voldsamt på, men måtte først sjå ei heading gå i tverra før eit skot gjekk i stolpen.

Norborg sin bestemannspris gir vi til Ole Johan Urke, som leverte ein nær prikkfri kamp.

Dei fleste juniorane kvilte i denne kampen. Dei skal spele sin første seriekamp for året 2. påskedag kl. 1830 mot Ørsta, medan A-laget serieopnar fredag 21. april kl. 1830 mot Emblem.

Laget: Ronald Søvik Olsen - Jonas Austnes, Kristoffer Søviknes, Kjell Terje Brusdal, Ole Johan Urke - Mads Even Hatlehol (Magnus Jenssen, 46), Ole-Kristian Aarseth, Ruben Holmeset, Christian Sæther (Denis Sjåstad, 46) - Per-Stian Alvestad (Magnus Austbø Seth, 46), Pedro Silva (Alvestad, 76).

Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann