onsdag, november 22, 2017
   
Text Size

Fortsette den gode rekka på Siffen

Skarbøvik - Norborg 3-4 (2-2)
Treningskamp, Skarbøvik kgb, 06.04.2017

Sjansar: 13-11
Cornere: 7-3

0-1 Nikolas Fjørtoft (15)
1-1 Kenneth Kjevik (20)
2-1 ? (27)
2-2 Nikolas Fjørtoft (29)
2-3 Magnus Austbø Seth (62)
3-3 ? (68)
3-4 Matias Mork Vatneødegård (87)

Norborg tok heim sigeren over fjorårets KM-vinnar av 4. divisjon då Matias Vatneødegård banka inn 4-3 målet frå 35 meter tre minutt før slutt. Før den tid hadde laga veksla på å leie i ein sjanserik kamp.

Norborg kom frå to svake kampar mot 5. divisjonsmotstand, men trass spelarar som Abelset, Urkedal, Vos og Sæther borte, så løfta laget seg mot SIF. Spesielt offensivt viste oransjetrøyene gode takter. Defensivt er det framleis mykje å jobbe med. Enkelte spelarar gløymer sine defensive oppgåver og har problem med å gjere riktige val når ein skal gå i press og når ein skal falle av. Det gav heimelaget store rom, spesielt den første halvtimen. Sidan heimelaget stort sett sleit med det same, så fekk vi ein sjansebonansa i denne perioden. 8-8 i sjansar på 30 minutt er ekstremt mykje. Det betra seg inn mot pause og normaliserte seg i 2. omgang.

Det tok utruleg nok eit heilt kvarter før vi fekk sjå kampen sitt første mål. Det kom til Norborg då Nikolas Fjørtoft tok med seg ballen ute ved cornerflagget, parkerte backen og klinka ballen i nettaket. Gleda vart i fem minutt. Kenneth Kjevik forfølgte ein ball i bakrom, keeper nølte, Kjevik snappa ballen og sette den stolpe inn frå særs skrått hald. Norborg hadde dei to komande sjansane, men kom ikkje nærmare enn eit skot i tverra. Skarbøvik tok så leiinga 2-1 på ei kontring der dei kom 2 mot 3. Ballførar fann medspelaren på bakerste som putta ballen i opent mål. Det lukta offeside, men assistentdommar haldt flagget nede. To minutt seinare får vi sjå kampens vakraste pasning. Stian Grytten Skogvoll fann åpninga i Skarbøvik sitt forsvar med ei perfekt vekta pasning til Nikolas Fjørtoft i bakrom. Han gjor ingen feil og sette inn 2-2. Kampen roa seg inn mot pause og uavgjort var eit greit resultat sjølv om SIF hadde litt fleire opne sjansar, men i kvalifiserte sjansar var det 8-8.

Norborg tok også leiinga etter pause. Ei pause som nok blir årets lengste med sine 19 minutt. Magnus Austbø Seth har berre gått av bana ein gong i år utan å score. Denne gong snappa han opp ei svak pasning, sprang frå forsvaret, avslutta først på keeper, men tok igjen ballen og sprang den i mål. Få minutt seinare utlikna SIF på ein følsom lobb. Heimelaget kom seg til eit par store sjansar etter utlikninga, men det var Norborg som stakk av med sigeren då Matias Vatneødegård klinka ballen i nota frå 35 meter tre minutt før slutt. Ei flott avslutning på ein underhaldande kamp. Norborg står dermed med 3 sigrar og 1 uavgjort i sine møter med Skarbøvik sitt A-lag på Siffen.

Norborg har ein treningskamp igjen før seriestart. Den er borte mot Midsund onsdag kl. 1855.

Laget: Joakim Kjærstad - Jonas Austnes, Kristoffer Søviknes (Anders Toven, 55), Ole Johan Urke, Stian Skogvoll (Magnus Jenssen, 68) - Ruben Holmeset (Tarjei Urkedal, 55) (M.Austnes, 76), Marius Austnes (Pedro Silva, 74), Nikolai Jensen, Matias Vatneødegård - Magnus Seth, Nikolas Fjørtoft (Per-Stian Alvestad, 68).

Nikolai Jensen spelte sin A-kamp nr. 50.



Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann