søndag, november 19, 2017
   
Text Size

Uavgjort på Vestnes

Vestnes Varfjell - Norborg 3-3 (2-1)
Vestnes Idrettspark, 08.03.2017

0-1 Nikolas Fjørtoft (5)
1-1 ? (21)
2-1 ? (22)
2-2 Nikolas Fjørtoft (47)
2-3 Stian Grytten Skogvoll (57)
3-3 ? (75)

Som vanleg målrikt når Vestnes Varfjell og Norborg møtast. Norborg stilte med omtrent eit reint juniorlag frå start og hadde ein snittalder på 19,2 år. Med toppscorar Magnus Seth borte såg Nikolas Fjørtoft sjansen til å knappe inn på Seth sitt forsprang. Han scora Norborg sine to første mål, og er no oppe i totalt 10 mål i vinter. To bak Seth. Stian Skogvoll scora sitt første A-lagsmål for Norborg då han sette inn 2-3 leiing knappe kvarteret ut i 2. omgang. Heimelaget redda 3-3 kvarteret før slutt i ein omgang Norborg styrte.

Måla:
0-1: Corner som blir heada ut i feltet. Nikolas Fjørtoft smeller ballen i nota oppe ved krysset fra 16 meter.

1-1: Innlegg i feltet der Norborg ikkje greie å ta ut folk i feltet. Avslutning i mål frå kloss hald.

2-1: Heimelaget åleine med keeper etter at dei spelte seg gjennom ledda til Norborg.

2-2: Nikolas Fjørtoft frå kloss hald etter fine kombinasjonar i forkant.

2-3: Nikolas rundt på kant. Fann Stian Skogvoll på blankt på bakerste med ei flat pasning gjennom feltet.

3-3: Avslutning frå kort hald etter ein duell mellom keeper og spiss der ballen fell ned i fem meteren.

Kampforløp:
Norborg best dei første 10, heimelaget styrer så i ein 20 minutts periode før gjestane hever seg inn mot pause. Varfjell med eit par gode sjansar i si periode.

Norborg best i andre og er nærmast siger. Matias Vatneødegår hadde skot i tverrliggeren, Jonas Holmeset med ei god avslutning like utanfor + 3-4 andre gode sjansar.

Vi gjer ei ny god gjennomføring. Spelarane responderer bra på fokusområdene vi har hatt etter Tomrefjordkampen og legg ned ein solid innsats. Veldig kjekt at så mange melder seg på når fleire sentrale er borte, sa trenar Kristian Søviknes.

Laget: Szoma - Nikolai Jensen, Tor Abelseth (Anders Toven, 67), Jonas Austnes, Stian Skogvoll (Elias Søvik Gunnarsson, 82) - Matias Vatneødegård (Jonas Holmeset, 76), Sander Harnes (Christian Sæther, 67), Marius Austnes, Jesper Vos (Ruben Holmeset, 76) - Tarjei Urkedal (Denis Sjåstad, 82), Nikolas Fjørtoft.

Andre treningskampar:
Hødd2 - Larsnes/Gursken 1-2
MSIL - Stranda 0-5 (Norborg møter Stranda i Uggedalen onsdag 15/2)

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann