onsdag, november 22, 2017
   
Text Size

Fekk sin revansje over Tomrefjord

Norborg - Tomrefjord 2-1 (0-1)
Treningskamp Uggedal KGB, 01.03.2017

Sjansar: 3-5
Cornere: 7-2

0-1 Erlend Søberg (32)
1-1 Magnus Austbø Seth (54)
2-1 Magnus Austbø Seth (str. 76)

Norborg har bøtta inn mål i det siste, men sleit med å skape sjansar mot eit godt organisert og arbeidsamt lag frå Tomrefjord. Gjestane hadde kontroll på kampen før pause og leia fortent. I 2. omgang heva Norborg seg og fekk kontroll defensivt. Ein sleit fortsatt med å skape sjansar, men skapte nok til å snu kampen til siger. Ein fekk dermed revansjert fjorårets 2-9 tap.

- God øvingsøkt for oss. Vi slit litt med avstandar i første som vi får justert betre i andre omgang. Godt nøgd med at oss vinn og gjenskape mykje av det vi øver på mot eit godt organisert Tomrefjord-lag med gode kvaliteter, sa trenar Kristian Søviknes.


Norborg spelte i kveld sin fjerde kamp på tretten dagar. Manglande overskot kan ha noko å seie for at ein skapte veldig lite framfor Tomrefjord sitt mål, men også at motstanden var eit godt lag som hindra rom og skapte problem for heimelaget med fotraske spelarar. Fleire gongar var gjestane på veg igjennom, men som regel var spissane for hissig på grauten og sprang i offside. Ein dryg halvtime ut i kampen mista Norborg ballen på midtbana og Tomrefjord fekk kontre. Ballen enda hos Erlend Søberg som satte den i mål med ei kontrollert heading. Minuttet seinare var romsdalingane centimetere fra å doble leiinga, men denne gong fekk keeper Kjærstad stoppa forsøket. Laga gjekk dermed til pause med 0-1.

I 2. omgang heva Norborg seg og utlikna på sin første sjanse i kampen då Marius Austnes sin corner fann hovudet til Tarjei Urkedal. Han heada ballen mot mål der Magnus Austbø Seth stakk fram og putta ballen i nota frå kloss hald. Norborg hadde kontroll defensivt, men sleit framleis med å skape det store framfor mål. Eit kvarter før slutt vart Nikolas Fjørtoft lagt i bakken på veg mot mål og dommar Grønli peikte på straffemerket. Straffa sette Seth sikkert i nota til 2-1. Norborg hadde kontroll på kampen det siste kvarteret og tok sin femte strake siger på tre veker. Eit godt resultat mot ein god motstandar.

Neste kamp for Norborg er borte mot Vestnes Varfjell 8. mars.

Laget: Joakim Kjærstad - Nikolai Jensen, Jonas Austnes, Kristoffer Søviknes, Ole Johan Urke (Anders Toven, 82) - Denis Sjåstad (Tor Abelseth, 38), Marius Austnes (Christian Sæher, 76), Tarjei Urkedal, Stian Skogvoll - Magnus Ausbø Seth, Nikolas Fjørtoft.

Dommar: Geir Ove Grønli
Assistentar: Marcus Grytten og Arve Toven

 

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann