søndag, november 19, 2017
   
Text Size

Skogvoll og Vatneødegård signerte for Norborg

Nyvalgt sportsleg leiar Kristoffer Søviknes fekk i dag underskrifta til Stian Grytten Skogvoll (19) og Matias Mork Vatneødegård (18). Begge har trent og spelt kampar med Norborg i vinter medan dei venta på kva som skjedde med moderklubb Ravn sitt A-lag.

Stian spelte for Norborg også i 2015 og fekk då 11 A-kampar. Han er frå Hellestranda, men har mor frå Grytastranda. Han er ein rask spelar som først og fremst er å finne på høgreback. Vi ønsker han velkomen tilbake til Norborg.

Matias er frå Vatne og er ein kreativ midtbanespelar med ein særs god venstrefot. Han har i løpet av vinteren utvikla sitt fysiske spel og har vore blant dei beste spelarane på Norborg i dei tre kampane vi har sett. Vi ønsker han velkomen til Norborg.    


Sportsleg leiar Kristoffer Søviknes er særs nøgd med at Stian Grytten Skogvoll og Matias Mork Vatneødegård signerer for Norborg.

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann