søndag, november 19, 2017
   
Text Size

Storsiger i Spania

Norborg - Emmen United (Sveits) 7-1 (3-1)
Albir, 20.02.2017

1-0 Matias Vatneødegård (3)
1-1 ? (9)
2-1 Nikolas Fjørtoft (12)
3-1 Magnus Austbø Seth (37)
4-1 Nikolas Fjørtoft (48)
5-1 Magnus Austbø Seth (61)
6-1 Nikolas Fjørtoft (63)
7-1 Magnus Austbø Seth (69)

Etter litt varming, røring og modning så fekk Norborg laga seg ein skikkeleg Emmentalerost med mange hol. Sveitsarane vart ingen målestokk og det var berre snakk om kor stor sigeren skulle bli. Matias Vatneødegård scora det første målet, medan Nikolas Fjørtoft og Magnus Austbø Seth følgde opp med kvart sitt hat-trick.

 - Godt fornøyd med prestasjonen. Spelarane svarer positivt på dei punkta vi har hatt fokus på. Totalt sett så gjennomfører vi ein solid kamp mot eit lag med gode individualister og fysikk, sa trenar Kristian Søviknes.

Laget: Joakim Kjærstad - Nikolai Jensen, Jonas Austnes, Kristoffer Søviknes (Anders Toven, 70), Ole Johan Urke (Ole-Kristian Aarseth, 16) - Matias Vatnedegård, Sander Harnes (Denis Sjåstad, 73), Marius Austnes (Lars Alvestad Mikalsen, 82), Jesper Vos (Stian Skogvoll, 70) - Magnus Seth (Illya Pekarskiy, 76), Nikolas Fjørtoft (Pedro Silva, 70).

Lars Mikalsen og Illya Pekarskiy (Harøy) fekk sine første minutt for Norborg sitt A-lag.


Nikolas, Matias og Magnus stod for måla.


Veret truleg betre enn motstanden i Albir, Spania.

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann