onsdag, november 22, 2017
   
Text Size

Offensiv fotball på Skøye

Skodje - Norborg 5-7 (3-2)
Treningskamp, Skodje kgb, 16.02.2017

Sjansar: 7-16
Cornere: 6-8

0-1 Jesper Vos (8)
1-1 Eivind Erstad (17)
2-1 Eivind Erstad (23)
3-1 Jan Erik Hellevik (37)
3-2 Magnus Austbø Seth (38)
4-2 Christoffer Bårdsgjære (53)
4-3 Magnus Austbø Seth (65)
4-4 Magnus Austbø Seth (str. 73)
4-5 Trond Espen Rogne (78)
4-6 Nikolas Fjørtoft (84)
5-6 Casper Orvik 87)
5-7 Matias Vatneødegård (90)

Skodje yppa seg mot Norborg og leia ved halvtid, men i 2. omgang eigde Norborg kampen og vann fullt fortent i denne særs målrike kampen. Medan det før pause vart mykje føring av ball, fekk ein opp tempoet både på ball og bein etter kvila. Samstundes som ein hadde klumpfot defensivt slik at Skodje var med i kampen i målprotokollen.

Det har i vinter blitt særs målrikt når Norborg spelar kamp. Frå 8 i første treningskamp, til 9 i den andre og no heile 12 mål i den tredje. Sju mål rett veg er bra, men fem i mot er svakt mot eit lag i divisjonen under som mangla sin beste spelar, Eirik Hjelvik. Fleire av måla var direkte personlege feil og må lukast bort til seriestart. Før pause var Norborg langt unna forventa nivå. Val med og utan ball var svake, dårleg samhandling, stadige ballmiss og heller ikkje den største duellviljen. Norborg skapte likevel flest sjansar i denne omgangen også, men Skodje var mest effektiv og leia dermed heilt greit 3-2 til pause. Ikkje minst sidan dei jobba langt hardare enn sine gjestar.

Måla før pause kom først ved Jesper Vos, som scora sitt første A-lagsmål då han sette eit innlegg frå Magnus Seth under keeper og i mål. Mogeleg var dette tidlege leiarmålet usunt for Norborg for Skodje tok i alle fall over kampen. Eivind Erstad utlikna etter å ha kapra ballen nokre meter frå hjørneflagget og avansert inn i 16 meteren. Same mann sende Skodje i føringa då han fekk vende opp inne i 16 meteren, medan Jan Erik Hellevik sitt distanseskot sørga for 3-1 knappe ti minutt før pause. Magnus Seth scora sitt første av tre mål då han sende eit frisparklegg frå Matias Vatneødegård i mål frå bakerste.

Norborg heva seg kraftig etter pause, men det var likevel Skodje som scora først då Christoffer Bårdsgjære plasserte ballen inne ved stolpen frå 15 meter. Men dette var Norborg sin omgang. Heimelaget sine spelarar vart slitne og Norborg sine fotrappe spelarar sprang meir eller mindre over dei. Magnus Seth scora sitt andre og Norborg sitt tredje etter pasning av Kristoffer Søviknes. Seth utlikna til 4-4 på straffe. Så scora Trond Espen Rogne sitt første A-lagsmål då han heada inn eit hjørnespark frå Vatneødegård. Nikolas Fjørtoft auka til 4-6 etter pasning frå Nikolai Jensen. Så utnytta Casper Orvik eit fall i Norborg sine bakre rekker og reduserte til 5-6 før Matias Vatneødegård smelte ballen i nota til 5-7.

Norborg drar laurdag på treningsleir til Spania. Der bør nok forsvarsarbeid stå på "to do"-lista.

Laget: Slawomir Szoma - Nikolai Jensen, Jonas Austnes, Kristoffer Søviknes, Stian Grytten Skogvoll (Kjell Terje Brusdal, 46) - Matias Vatneødegård, Christian Sæther (Sander Harnes, 59), Denis Sjåstad (Ole Johan Urke, 46) (Trond Espen Rogne, 64) - Magnus Austbø Seth, Nikolas Fjørtoft, Jesper Vos (Marius Austnes, 37).


Målscorarane Matias Vatneødegård, Trond Espen Rogne, Jesper Vos, Magnus Seth og Nikolas Fjørtoft saman med trenar Preben Lorgen.

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann