onsdag, november 22, 2017
   
Text Size

Norborg slo Midsund

Norborg - Midsund 5-4 (2-3)
Treningskamp, Uggedal KGB, 08.02.2017

Sjansar: 12-10
Cornere: 9-6

1-0 Magnus Austbø Seth (6)
1-1 John Arne Øien (10)
2-1 Magnus Austbø Seth (16)
2-2 John Arne Øien (27)
2-3 Johannes Sjøvik (42)
3-3 Ole Johan Urke (51)
4-3 Nikolas Fjørtoft (63)
4-4 Simen Tangen (72)
5-4 Nikolas Fjørtoft (78)

Laga veksla på å leie, men Norborg stakk til slutt av med sigeren i denne målrike kampen mot Midsund. Norborg kom best i gong, men det var likevel heilt greit at Midsund gjekk til pause med leiing. Den gode defensive organiseringa og innsatsen ein såg sist veke mot Brattvåg, var borte mot romsdalingane. Etter kvila heva Norborg seg og snudde kampen takka vere tidvis godt angrepsspel.  

Trenar Kristian Søviknes var ikkje nøgd med gjennomføringa av kampen. - Vi har lite dynamikk og er svake kollektivt heile kampen. Vi er i store perioder av kampen alt for nær botnnivået enn toppnivået vårt. I første gir vi Midsund for mykje rom og gunstige ballvinninger høgt i banen. I andre opptrer vi litt meir samla, men det sklir gradvis frå kvarandre utover i omgangen. Det positive er at vi vinn kampen og scorer fem mål på ein middels dag. Vi får fortsette å jobbe på treningsfeltet for å heve botnnivået vårt.

Norborg mangla ein del spelarar til denne kampen, men kom likevel best i gong. 1-0 ved Magnus Seth etter forarbeid av Jesper Vos og Matias Vatneødegård. Etter målet tok Midsund over kampen og utlikna på sin andre sjanse i kampen etter ei kontring på si venstre side og pasning inn på 10 meter der John Arne Øien sette ballen i nota . Magnus Seth er i målform og gav Norborg leiinga på nytt etter forarbeid av Vos. Midsund jobba betre enn Norborg og snudde kampen inn mot pause. Først på corner der Norborg svikta totalt i markeringa på fremste stolpe og Øien sette inn sitt andre med hovudet. Så på ei kontring etter at Norborg mista ballen midt på eigen halvdel til Johannes Sjøvik. Han tok med seg ballen mot 16 meteren og smelte den i nota oppe ved vinkelen. At Midsund gjekk til pause med leiing var fortent.

Etter pause fungerte det betre for heimelaget. Ein la press på gjestane og fem minutt ut i omgangen vert Nikolas Fjørtoft lagt i bakken etter at han fekk ein stikkar i bakrom av Tarjei Urkedal. Dommar Vegsund peikar på straffemerket og derifrå gjor Ole Johan Urke
ingen feil og utlikna til 3-3. Norborg fortsette å skape sjansar. Nikolas Fjørtoft sette inn 4-3 etter at keeper måtte gje retur på ei avslutning av Tarjei Urkedal. Etter leiarmålet fell Norborg sin innsats og Midsund slår tilbake etter mål av gode Simen Tangen. Nikolas Fjørtoft var involvert i det meste som skjedde offensivt for Norborg etter pause og dryge ti minutt før slutt fastsette han resultatet til 5-4 etter pasning av Denis Sjåstad.

Midsund viste seg som eit lag med bra tempo offensivt og var ein nyttig motstandar for Norborg. Returmøtet mellom laga går i påska. Neste kamp for Norborg er borte mot Skodje torsdag 16. februar. Skodje tapte for øvreg 5-1 for Vestnes Varfjell i går. 

Laget: Joakim Kjærstad - Nikolai Jensen, Jonas Austnes, Anders Toven (Trond Espen Rogne, 79), Ole Johan Urke - Matias Vatneødegård, Christian Sæther (Denis Sjåstad, 41), Tarjei Urkedal - Magnus Austbø Seth, Nikolas Fjørtoft, Jesper Vos (Stian Grytten Skogvoll, 66).

Dommar: Arild Vegsund
Assistentar: Geir Ove Grønli og Marcus Grytten

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann