søndag, november 19, 2017
   
Text Size

Treningskamp mot Midsund onsdag kl. 1815

Norborg tek onsdag imot Midsund på Uggedal kgb. Midsund kom på 5. plass i 5. divisjon Nordmøre/Romsdal, men har styrka laget sidan då med blant anna Simen Tangen (Træff) og Henning Koppen (Norborg). Den tidlegare Brattvåg-spelaren Even Heggdal er spelande trenar.

-Vi går frå tøff motstand i Brattvåg til ein motstander vi bør vere betre enn. Utfordringa ligg då i å prestere på same nivå som sist når det gjeld innsats/vilje, samstundes som vi må tørre å styre og eige ballen i større grad, seie trenar Kristian Søviknes.

Norborg gjer nokre endringar frå sist. Ronald Søvik Olsen er tilbake i Trondheim, medan 1. keeper Joakim Kjærstad er tilbake frå båttur utanfor Grønland. Kristoffer Søviknes har ikkje trent sidan fredagens kamp og er dermed ikkje med i troppen. Tor Abelseth, Marius Austnes, Pedro Silva, Per-Stian Alvestad og Magnus Jenssen er fortsatt ute med skader/ikkje 100% kampklar. Ein har også i denne kampen med seg gjestespelarar frå Ravn og Harøy. Publikum kan dermed vente seg småfrekt kombinasjonsspel av Matias, Magnus og Nikolas.

Tropp: Joakim Kjærstad, Szoma (Harøy), Anders Toven, Christian Sæther, Denis Sjåstad, Jesper Vos, Jonas Austnes, Kjell Terje Brusdal, Tarjei Urkedal, Magnus Seth, Matias Vatneødegård (Ravn), Nikolai Jensen, Nikolas Fjørtoft, Ole Johan Urke, Stian Skogvoll (Ravn), Trond Espen Rogne, Anders Urkedal og Lars Mikalsen.

Dommar: Arild Vegsund
Assistentar: Marcus Grytten og Geir Ove Grønli

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann