onsdag, november 22, 2017
   
Text Size

Flott treningskamp av Norborg

Brattvåg - Norborg 6-2 (0-0, 1-1, 5-1)
Treningskamp, Brattvåg stadion, 03.02.2017

Sjansar: 17-6
Cornere: 15-1

0-1 Magnus Austbø Seth (39)
1-1 Håkon Leine (50)
1-2 Nikolas Fjørtoft (74)
2-2 Håkon Leine (78)
3-2 Torbjørn Grytten (82)
4-2 Vegard Sætre (84)
5-2 Håkon Leine (86)
6-2 Torbjørn Grytten (str. 90)

Norborg hadde Brattvåg i kne, men kjempen reiste seg og hogg fem gongar dei siste 12 minutta. Norborg hadde før den tid kjempa hardt og skapt ein del problem for heimelaget med sine raske angriparar. Brattvåg dominerte sjølvsagt, men Norborg sine spelarar skal vere stolte over prestasjonen sin.

Denne treningskampen vart spelt over 3 ganger 30 minutt med kort pause mellom omgangane. I den første omgangen hadde Brattvåg som venta mykje ball, men greidde ikkje å finne vegen til nettmaskane. Norborg sine spelarar jobba disiplinert og satsa på baller i bakrom til den raske nykomaren Nikolas Fjørtoft. Han var ein handfull for Brattvåg sitt forsvar og var særs nær å gi Norborg leiinga i sluttsekunda av omgangen då han var åleine igjennom, men greidde ikkje å overliste sin tidlegare klubbkamerat i Ravn, Benjamin Rørhus, som stod i Thorsen sitt skadefråver. Vi telde 6-2 i klare sjansar til Brattvåg. Jonas Austnes hadde Norborg sin første sjanse i kampen då han heada eit frispark frå Christian Sæther like utanfor ved bakre stolpe.

2. omgang var faktisk jamnare enn den første i sjansestatistikken, men Brattvåg hadde sjølvsagt det meste av spelet. Ni minutt av omgangen tok Norborg leiinga då Nikolas Fjørtoft spelte ein stikkar til Magnus Austbø Seth. Han vippa ballen elegant over Prince, som kom skliande inn frå høgre, og sette ballen sikkert i nota. 0-1, og dei fleste på Brattvåg stadion trudde vel knapt det dei såg. Minuttet seinare var Seth nær å doble leiinga, men avslutninga frå skrått hald gjekk i stolpen. I det 48. minutt entra Håkon Leine bana, og han skulle vise seg å bli dagens mann for Brattvåg. Det første han gjor var å heade inn eit innlegg frå høgre. Her vart Norborg alt for opptatt av å sjå på ballen og la ikkje merke til Leine som kom inn bak forsvarsfiraren. 1-1 stod seg omgangen ut. 4-3 til Brattvåg i klare sjansar.

I løpet av 3. omgang viste skilnaden på laga seg i målprotokollen. Det var likevel Norborg som kunne juble først då Nikolas Fjørtoft scora sitt første mål i den oransje trøya i det som var eit praktangrep. Matias Vatneødegård spelte ut til Magnus Seth på venstre som igjen fann Fjørtoft framfor kassa, som klinka ballen i nota. Nydeleg av dei tre juniorane. Det stod då igjen eit kvarter av kampen, men Norborg var slitne og hadde også byta ut dei rutinerte spelarane Tarjei Urkedal, Christian Sæther og Ole Johan Urke. Håkon Leine utlikna til 2-2 tolv minutt før slutt. Grytastrandaren Torbjørn Grytten gjorde 3-2, Vegard Sætre banka inn 4-2, Leine kontra inn 5-2 og Grytten sette inn 6-2 på straffe. Vi telte 7-1 i klare sjansar i denne omgangen. Så effektiviteten til Brattvåg var særs god i denne omgangen.

Synd for Norborg at det skulle rakne på slutten, for det som vart prestert dei første 75 minutta var veldig oppløftande. Ein leia då over Sunnmøre sitt 3. beste lag og som har ressursar som Norborg knapt nok kan drøyme om. Ein spelte då med kløkt og duellvilje.

Tre debutantar på Norborg i denne kampen. Matias Vatneødegård (Ravn) gjorde ein særs god kamp på midtbana, Sander Harnes (Harøy) og vår eigen Trond Espen Rogne kom inn i løpet av kampen.

Neste oppgåve for Norborg heime mot Midsund onsdag 8. februar kl. 1815. Midsund satsar hardt framfor denne sesongen med Even Heggdal som trenar. Dei har blant anna signert Henning Koppen frå Norborg og Simen Tangen frå Træff. 

Laget: Ronald Søvik Olsen - Nikolai Jensen, Jonas Austnes, Kristoffer Søviknes, Ole Johan Urke (Kjell Terje Brusdal, 61) - Magnus Austbø Seth, Matias Vatneødegård, Christian Sæther (Sander Harnes, 56), Tarjei Urkedal (Anders Toven, 73), Jesper Vos (Trond Espen Rogne, 86) - Nikolas Fjørtoft.

Andre treningskampar:

Emblem - FK Sykkylven 3-3
Volda - Førde 3-1
Spjelkavik - Rollon 6-0

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann