søndag, november 19, 2017
   
Text Size

Treningskamp mot Brattvåg fredag kl. 1815

Norborg har trent fire gongar i veka sidan nyttår og har hatt eit bra oppmøte med 23-24 stk. i snitt. Fredag blir det altså klart for første test, og det mot den tøffaste motstanden ein får i år. Første treningskamp skulle etter planen spelast onsdag 8. februar mot Midsund, men då Karl Oskar Fjørtoft tok kontakt om kamp, takka ikkje Norborg nei. Det er første gong på 5 år at laga møtast i treningskamp. Den gong vann Brattvåg 1-8 på Uggedal stadion, medan same lag vann cupkampen i 2015 med 1-4. - Det blir greit for våre unge spelarar å sjå kvar lista ligg, sa trenar Kristian Søviknes. For ungt blir nok Norborg sitt lag denne fredagen sjølv om rutinerte spelarar som Tarjei Urkedal, Ole Johan Urke, Kristoffer Søviknes, Christian Sæther og Kjell Terje Brusdal kjem til å vere med i troppen. Tor Abelseth og Marius Austnes er ikkje med sidan dei har slete med skader i januar.

Kampen spelast på Brattvåg si kunstgrasbane.

Treningskamp torsdag: Langevåg - Skarbøvik 6-1

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann