søndag, november 19, 2017
   
Text Size

Nikolas Fjørtoft til Norborg

Nikolas Fjørtoft (18) signerte i kveld under for Norborg. Nikolas er ein rask angripar som er særs god ein mot ein. Han var i søkelyset til Norborg også i fjor vår og spelte siste halvtimen av treningskampen mot Vestnes Varfjell. Den gong skreiv vi; "Fjørtoft var eit friskt pust når han kom innpå knappe halvtimen før slutt. Med si ekstreme fart vart han ein handfull for Varfjell sitt forsvar og skapte både sjansar til andre og seg sjølv." Den gong var han AaFK-spelar som til slutt valgte å skrive under for moderklubben Ravn. Der vart det 10 mål på 15 kampar i 2016.

Ei flott signering for Norborg og vi ønsker Nikolas velkomen til klubben.

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann