søndag, november 19, 2017
   
Text Size

Grytten til Fjørtoft

Fjørtoft har også gjort ei tredje signering frå Norborg den siste veka, og denne gong er det ein som har hatt fotballskoa ganske langt fram i skapet også i 2016. Klubbkjempa Steffen Grytten (32) med sine 296 A-kampar for Norborg har nemleg valgt å forlate dei oransje til fordel Fjørtoft. Steffen forklarer overgongen med at han i Norborg må vere med å trene fotball jamleg for å få plass på laget. Det er noko han ikkje ønsker å prioritere, og han vil heller ikkje vere med å trene sporadisk for så å kanskje ta plassen til ein junior. - Då er det betre at junioren blir satsa på, seie Grytten.

Steffen debuterte før norborg.com si tid, i alle fall nokre veke før heimesida kom ut på verdsveven. Vi har dermed ikkje heilt eksakt A-debut. Det vi veit er at han vart tatt opp i A-stallen i januar 2001 og scora sitt første mål i ein vinterseriekamp i Sunnmørshallen mot Giske den vinteren. Debuten kan ha kome nokre veke før mot Blindheim/Emblem. Det første seriemålet kom borte mot Åheim 8. juni 2002. Gjennom desse to ti-åra så har Steffen spelt i samtlege posisjonar på laget. Hausten 2002 var han keeper på laget som tok KM-tittelen i 5. divisjon. KM-tittel vart det også i 2008 då Norborg vann 4. divisjon. 17. april 2009 skreiv han seg inn i historiebøkene då han scora Norborg sitt første mål nokonsinne i 3. divisjon. 36 sekund tok det før ballen låg i nota bak Hareid sin keeper.

Etter 2009 sesongen trappa Steffen ned og var berre sporadisk med før han satsa litt meir igjen i 2015. I år var han med i 10 seriekampar og scora 2 mål. Totalt vart det 296 kampar og 57 mål. Det siste målet kom i hans siste kamp for Norborg. Heime mot Emblem 13. oktober.

Vi takker Steffen for innsatsen og mange gode minner!


Steffen etter fjorårets kamp mot Ørsta der han scora to mål frå sin posisjon som høgreback.

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann