onsdag, november 22, 2017
   
Text Size

Kunstgrasutbygging

Kort om det arbeidet som skal utførast:
Dagens parkeringsplass ved sidan av klubbhuset skal utvidast oppover mot riksvegen, og det skal lagast ei anleggsgarasje ovanfor klubbhuset (40-50m2). Nokren meter før der dagens nedkjørsel til parkeringsplassen kjem ned, skal det skytast ned på same nivå som grusbanen. På dette nivået skal det anleggast ein parkeringsplass med plass til 120 bilar. Dagens grusbane blir vridd slik at den komande kunstgrasbanen blir parallelt med dagens grasbane. Dvs. at det skal fyllast ut litt på søraust hjørnet og mot Hamnsund. Mellom 11´ar banen og grasbanen vil det bli ei 7´arbane med mål mot klubbhus og mot fjorden. Her vil det bli fylt ut mest masse. Begge banene blir bygd opp med eit forsterkingslag, bærelag og avrettingslag som skal gi ei god drenering. På oppsiden av heile anlegget vil det bli oppretta drenering som skal sørge for at vi får ei tørt og fint anlegg. Det vil bli satt opp eit nytt lysanlegg på heile kunstgrasflaten. 8stk 16m master skal opp, og anlegget skal gi eit lys som tilsvarar 200 lux. På aust og sørsiden av anlegget blir det satt opp ballfangernett, og i område mellom 7´arbanen og grasbanen, samt 7´arbanen og klubbhuset må vi opp med ein slags form for mur (naturstein ?) og tribune for å redusere høgdeforskjellene. Det vil også bli anlagt gjerde på heile oppsida av anlegget, og det vil bli satt opp autovern langs parkering og veger som har fall ned til kunstgrasanlegget.

Fakta i tal:
10322m2 kunstgras
13000m3 fjell skal skytast bort
7200m2 ferdig komprimert masse skal tilkøyrast
4800m2 parkeringsplass
5-6000m3 med masse for oppbygging av forsterkningslag, bærelag og avrettningsmasse skal tilkøyrast

Første "spadetak" vart gjort fredag 12. juni 2009.

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann