onsdag, november 22, 2017
   
Text Size

Glimrande dugnadsvilje!

Vårdugnaden i Uggedalen i dag vart ein stor suksess. Eit anlegg bada i sol og nærmare 40stk som møtte opp. Takk for innsatsen til alle som møtte!

Mykje godt arbeid vart utført. Noe som denne lista forteller alt om:
  • Rydding av garasjen
  • Påfylling av granulat og rydding rundt banen (litt arbeid gjenstår fortsatt)
  • Raking av grasbanen
  • Klipping av kratt og rydding i skråninga ovenfor grasbana
  • Rydding av boss rundt heile anlegget (ca. 40mål!)
  • Nedsetting av to svingporter på gangveiane
  • Sveisa på forsterkning på køyreportene og tilrettelegging for å kunne låse portene
  • Nedsetting av køyrehindring i gangportene inn til KGB (vart utført torsdag av ein som ikkje kunne møte laurdag)
  • Kapping av fundamentringer for ballfangernett mellom grasbana og KGB
  • Forskaling for kant for rekkverk på trappa ned til KGB
  • Oppsetting av natursteinmur ved gangvei på nedsida av klubhuset
  • Riving av interiøret i ballrommet
  • Montering av hyller og skap i kiosken på grasbana
  • Innlegging av vatn til kiosken (og varmtvannstank), vannkrane ved garasjen og montering av 8stk vannkraner rundt KGB blir ferdigstilt i løpet av noen dager.
  • Kopla om strømmen til kiosken
  • Stort lass med skrot og søppel vart køyre på Nøsa
  • Rydding av fotballer, og skroting av alle som ikkje holder god nok kvalitet
  • Nedvask av klubbhuset
  • Montering av arenaskilt
  • Planlegging av kor man skal ha opp blomster etc. for å krydre opp området rundt klubbhuset. Her vil det skje mykje spennande, då det er noen spektakulere ideér som Caroline har satt i gang for å krydre opp noen av skråningane ned mot anlegget
  • Reparert småtraktoren
  • Nedvask av vinterutstyret til stortrektoren
  • Gjødsling av grasbana (utført fredag)
  • Lufting av grasbana
  • Køyrt bort store mengder med snø frå parkeringsplassen (snø frå måking av KGB gjennom vinteren) slik at vi får nok parkeringsplass til serieopninga
  • Forskala fundament til å sette opp igjen flaggstonga som vart tatt ned i forbindelse med bygginga av KGB i fjor
  • Planlagt nedsetting av to lyspunkt på parkeringsplassen
  • Tilrettelagt for at vi kan flytte smågarasjen i løpet av ei uke eller to









Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann