onsdag, september 20, 2017
   
Text Size

Fotball Historie

Førti aktive år for IL Norborg !

Søndag 21.januar 1962 vart IL Norborg (NORdre BORGund) stifta. I løpet av dei førti åra som har gått sidan då, har man hatt aktivitetar innan fotball, badminton, trim, symjing, volleyball og handball. Av desse er det fotball som heile tida har vore den drivande aktiviteten, medan man med badminton har skapt dei beste nasjonale resultata. 

Den spede begynning 
I 1966 spela gutelaget fleire treningskampar mot Brattvåg og Vatne. Dei viste stadig framgang både teknisk og taktisk. Likevel skulle det gå to år til før man stilte med seniorlag. 

12.mai 1968 spelte man den første seriekampen i 6.divisjon. Kampen vart spelt på ei heilt ny grusbane man hadde fått laga seg i Søvikdalen, og over 200 frammøtte såg eit heimelag som til slutt tapte 3-9 for Fjørtoft, etter at Fjørtoft leia 5-2 til pause. Den første sesongen bar preg av at det var eit heilt nytt lag som spelte, men likevel skulle man få to hyggelege resultat. 24.august fekk laget endeleg sin første seriesiger då Skodje vart slått 4-2 på bortebane. I neste serierunde på heimebane greidde man 2-2 heime mot Haramsøy. Desse to kampane sikra Norborg dei tre poenga dei fekk denne sesongen. Same året spelte også juniorlaget fleire kamper med svært gode resultat. 

Same året kom den første organiserte tilbod i form av idrett til jentene i stand. Jan Sæter som hadde kome flyttande frå Bergen noen år før, gjorde initiativ til å starte med jentehandball. Nemnte Jan Sæter skulle i åra som kom ha mykje å seie for utviklinga av damehandballen i Norborg. 

Det var tydleg at laget hadde lært av den første sesongen, for i 1969 starta man på forrykande vis i den nyoppretta 7.divisjon. Etter to serierundar leda man tabellen etter at Longva & Flem vart slått 1-0 etter ei skåring av Svein Gjerset, og Mork måtte dra heim med 6-2 i bagasjen frå Søvikdalen. I tillegg blir heimekampen mot Ørskog dette året huska for ein situasjon. Noen minutt før slutt på stillinga 3-2 til gjestane får heimelaget frispark frå nærmare tretti meter. På vakkert vis utliknar Helge Uggedal til 3-3 på frisparket, og reddar eit poeng. Norborg enda til slutt som nummer fem av åtte lag på tabellen. 

Ut på hausten 1969 vart IL Norborg badminton oppretta (1.oktober). Søvik Forsamlingshus vart brukt som treningslokal, og det var noen ivrige gutar som stod for spelinga. 

IL Norborg hadde også ei aktiv friidrettsgruppe på slutten av sekstitallet. Det beste resultatet denne gruppa oppnådde var KM-tittel til Arthur Pilskog i høgde utan tilløp. 

1970-åra 
Norborg starta 70-åra i kretsen sin lågaste divisjon, men i 1972 kom klubben sitt første opprykk. På grunn av ei utviding av 5.divisjon til tolv lag, fekk klubben være med som gratispassasjer opp i 6.divisjon. I denne divisjonen haldt man seg resten av 70-talet, og man var heile tida med på øvre halvdel av tabellen. 

På byrjinga av 70-talet meldte det seg også eit behov for ei grasbane, og man vedtok at det skulle leggast grasdekke på grusbana i Søvikdalen. Arbeidet pågjekk i sesongane 1972-74, og dermed måtte man leige seg bane andre stader. Dei to første sesongane vart det leigd bane på Vatne, men i 1974 hadde belastninga blitt for stor. Dermed måtte man spele heimekampar i Brattvåg, Sjøholt og Nørvebana i Ålesund. Til sesongen i 1975 var endeleg bana ferdig i Søvikdalen, og i tillegg var det sett opp eit klubbhus. 

Handball 
70-åra var gullalderen for Norborg sine handballag. I 1970 vart jentelaget 12-14 år krinsmeistrar i utandørsserien. Jentene voks, og i 1973/74 sesongen hadde dei nådd alderen for damelag, og man stilte i 4.divisjon. Damene feide all motstand til side, og gjekk gjennom serien utan tap, noe som resulterte i krinsmeisterskap. Interessa mellom publikum var svært stor, og aldri har vel Norborgsupporterane sett slikt preg på Fagerlihallen som under og etter kampen mot Rollon. Dette var under Suez-krisa, og laget måtte stille buss for å kome fram til kampen. Det var ikkje noko problem å fylle bussen med entusiastiske tilhengarar, ja, det var nærast kamp om plassane i bussen, og med kamprop, og svarte og oransje skjerf i metervis inntok dei tribuna. Saman med laget feia dei all motstand av bana. Sunnmørsposten kosta på seg bilete av spelarar og supporterar i skjønn foreining, og Sunnmørsposten førehandsomtala kampane med varsel om at no kjem Norborg! 

Same året deltok man også i NM i utandørsserien, og man kom heilt til 4.runde. Der vart det tap mot Vardal frå Gjøvik. Eit lag som seinare har spela mange år i landets øvste divisjon. 

Laget vart også krinsmeistrar i 1976/77 etter at Spjelkavik vart slått i den avgjerande kampen med 1-0 ! Målet kom allereie i kampen sitt første angrep, og etter dette kjempa Norborg som noen løver, i tillegg stod Oddrun Gjøsund svært godt i mål. Blant anna redda ho eit straffekast i kampens siste sekund. 

I 1978 vart J13 kretsmeistera, og samtidig stod Brattvåghallen ferdig. Denne vart då nytta fast til treningar og kamper. 

Badmintongruppa deltok første gang i seriespel i 1976 når dei spelte i 3.divisjon avd.B. Tre år seinare vann herrelaget serien for sunnmøre, og man rykket opp. 

Trimgruppa vart oppretta i 1975, og i åra som følgde har dei hatt ansvar for arrangement som sykkeltrimmen, veteturen, fjellposter og andre arrangement. Og alltid under det same mottoet: " Det viktigaste er ikkje å vinne, men å delta !" 

I 1977 vart det oppretta ei symjegruppe. Arnulf Æsøy var ein aktiv mann i denne gruppa. Han fungerte både som formann og trener. Han fekk også god støtte av Lars Haram, Hermod Søvik og Hildur Mikalsen. Året etter vart det også oppretta ei volleyballgruppe. 

Året etter var laga i gang, med Ole Kjell Orset som trener for damene, og Britt Skjelten Stokke som trener for damene. Herrelaget deltok blant anna i Norgescupen dette året, men dei gode resultata uteble. Året etter greidde man ikkje å stille lag, og man begynte å trene berre for treninga si skuld. 

1980-åra 
Før sesongen i 1980 hadde man store forventningar fotballaget, og målsettinga var klar. Norborg skulle rykke opp til dåverande 5.divisjon. Sesongen opna bra, og man vann 2-1 borte mot Lepsøy, men så vart det fort litt verre. I dei neste to kampane vart det tap mot Nordøy og Hessa, men så begynte det å lausne. Norborg spelte ni kampar på rad utan tap, og etter ein sterk 3-2 siger borte mot Emblem 15.juni overtok man tabelltoppen, noe som varte sesongen ut. Sjølve opprykket vart sikra etter at Ravn vart slått 4-3 på bortebane 17.september etter eit mål av Svein Gjerset femten minutt før slutt. Denne kampen blir elles huska for at den nokså kjente Kjell Tennfjord fekk det raude kortet etter kampslutt. På denne tida var det to avdelingar i 6.divisjon, og man måtte dermed spele to kampar mot den andre avdelingsvinnaren, Vartdal, om krinsmeisterskapstittelen. Etter 2-1 siger heime, og overbevisande 3-0 borte tok klubben sitt første krinsmeisterskap. 

Etter dette spelte man tre sesongar i dåverande 5.divisjon. Etter åttande plass både i 1981 og 1982 av tolv lag, enda man i 1983 sist. Dermed var Norborg å finne i 6.divisjon igjen i 1984. I denne divisjonen haldt man seg fram til 1986. Da vart man nok ein gang siste lag i divisjonen, og man måtte ta steget ned i kretsen sin lågaste divisjon for første gang på fjorten år. 

I denne divisjonen spelte man resten av 80-talet, sjølv om man var nær opprykk både i 1987 og 88. I tillegg var det eit generasjonsskifte på gang, blant anna mista man tolv spelarar frå a-stallen i perioden 1987-89. 

Utover på 80-talet blei også arbeidet rundt dei yngre laga betre ivareteke. Man kunne stadig gi eit betre tilbod til jenter og gutar gjennom fotballen. I tillegg var man i 1983 representert på Norway Cup med eit gutelag som beit godt frå seg. Med siger i siste kamp i puljespelet hadde dei gått til A-sluttspel, men ettersom reisefølgjet frå Fjørtoft greidde å forsove seg, rakk man så vidt kampen. Etter ein god innsats måtte man til slutt sjå seg utslått. Fjørtofta fekk mye av skylda for dette etterpå. 

Handballen i Norborg gjekk sin vante gang utover på 80-talet, men problema begynte å kome. I 1980 måtte damelaget heilt ned i 5.divisjon grunna utviding av divisjonssystemet. Utover på åttetalet sleit man også med å stille lag i alle sesongane. Samtidig var det vanskeleg å finne trenera og leiarar og årskulla vart mindre. Dette medførte problem med å rekruttere nok folk. Same problem sleit Brattvåg med, og 16.mars 1989 vart handballen i dei to klubbane slått saman, og Haram Handballklubb vart skipa. 

Utover og på slutten av 80-talet begynte badmintongruppa til Norborg å oppnå gode resultat. I 1984 vart Norborg-cupen starta, og dette var den største turneringa som vart arrangert i Møre og Romsdal på denne tida med oppimot 100 deltakarar. 

I 1984/85 kvalifiserte klubben seg til spel i 2.divisjon avdeling Vestfold Nord, og Randi Ulla sikra klubben den første NM-medaljen med ein 3.plass. Fire år seinare i sesongen 1988/89 deltok Norborg i kvalifisering om spel i 1.divisjon (øvste divisjon i landet) i Moss. Det enda til slutt med tre tap, men sesongen hadde sine lyse sider også. 

7-9. mars 1989 arrangerte klubben junior-NM. Arrangementet fekk mykje skryt for gjennomføringa, men det vart ein økonomisk tung affære. Sportsleg så var Randi Ulla sin tredjeplass i damedobbel ilag med Inger Margrethe Midtlid frå Ålesund lyspunktet. 

På slutten av 70-talet vart arbeidet med å få bygd ei grusbane starta, men først i 1982 vart det kjøpt ei tomt ei tomt på 21,7 mål i Uggedalen. Første spadetak vart tatt i 1983, og året etter skulle man etter planen være ferdig. Grunna visse endringar greidde man ikkje dette, og først ut på året i 1985 stod bana og lysanlegget ferdig. Planane om å få reist ei klubbhus ved sidan av var oppe til diskusjon i noen år, før man i 1987 fekk planane godkjent. Det var fleire alternativ som var oppe til diskusjon. Blant anna sysla man med planane om å kombinere garderobeanlegget med ein idrettshall med plass til åtte badmintonbaner. Dei same planane hadde dei på Vatne. Kommunen ville dessverre ikkje gå inn med midlar, og man måtte dermed nøye seg med eit vanleg klubbhus. I 1990 kunne man ta i bruk garderobane, og ei stund etterpå vart kjellar innreidd med møterom og kontor. 

1990-åra 
Sportsleg starta 90-året dårleg for Norborg. Sesongen i 1990 vert huska som ein av dei dårlegaste i klubben si historie. Sjølv om man starta med 4-0 borte mot Hildre, måtte man vente heile fjorten serierundar før neste siger kom borte mot Brusdal med 3-1. Når sesongen så endeleg var over, var det berre Hildre som var dårlegare. Eit lag som berre tok poeng i uavgjortkampen mot Norborg i Søvikdalen. Likevel fekk man eit opprykk til 6.divisjon i 1991. Grunnen var at alle divisjonar tok eit byks opp på grunn av innføringa av eliteserien, men allereie i 92 vart 7.divisjon på nytt innført. Dermed måtte laget bli blant dei tre beste i 6.divisjon for å overleve. Godøy viste seg snart som det beste laget og fekk ei luke på dei andre. Norborg, Ravn og Giske kjempa hardt om 2. og 3. plassen. Alle laga enda til slutt på 40 poeng, men Ravn hadde beste målforskjell, framfor Norborg og Giske. Etter storsigeren over Sæbø i 1. kvalik. kamp var det klart at Norborg beheldt plassen sin. Sæbø viste sitt sinne ved å sparke høl i garderobeveggen i Uggedalen. Elles husker vi siste kamp mot Valldal. Tre mann vart kjørt på legevakta i løpet av den kampen, det var tydleg at spelarane ofra helsa for stadig 6.divisjonsspel. I sesongane 1993-95 hamna man midt på tabellen, men før sesongen i 1996 vart det stilt store forventningar til Norborg. 

Etter å ha henta tilbake gamle Norborgspelarar frå andre klubbar, samtidig som nokre nye og rutinerte utanfor meldte seg inn i klubben var opprykk målsettinga. Norborg tok føringa frå første spark på ballen, og utanom 1-0 tapet borte mot Lepsøy var det ingen tvil. Man vann si avdeling i 6.divisjon, og etter to kampar mot Haddal vart laget også krinsmeistrar for andre gang i historia, og man var tilbake i 5.divisjon i 1997, noe som skulle vise seg å verte ein tung sesong. 

I seriepremieren vart Harøy slått 1-0. Målskårar var gutespelar Stein Erik Mårstøl, som heada eit hjørnespark i mål, men etter dette var det sorgas kapittel. Dei resterande tjue kampane enda alle med tap. Blant anna presterte man å lede 4-0 heime mot Godøy til to minutt på overtid i første omgang. Då reduserte gjestane, som til slutt vann 8-4 ! Man hadde frå førre sesong mista mange av dei sentrale spelarane, og man stilte blant anna med tre gutespelarar som fast inventar store delar av sesongen. 

Både i 1998 og 99 hamna man på nest siste plass i 6.divisjon, men eit stort generasjonsskifte var på gang. I 98 sleit man med store mannskapsproblem, og etter at dei første fem kampane enda uavgjort, blei det ein tung sesongen. Sesongen etter vart mange spelarar tatt opp frå gutelaget, og man begynte å danne stammen i det som i dag er dagens lag. Blant anna vart 16-år gamle Kim Idar Krogsethagen toppskårar denne sesongen. Plasseringa på tabellen vart dårleg, men stemninga i og rundt laget var den beste som hadde vært på mange år. 

I dei aldersbestemte klassene vart det gjort mykje godt arbeid av trenera og tillitsvalde utover på 90-talet. Stadig fleire fekk eit tilbod om å trene, og svært mange nytta seg av det. I tillegg vart det oppretta eigne jentelag, for på den måten ta betre vare på jentespelerane. Særleg sesongen 1997 peiker seg ut som eit svært godt år. Man hadde eit svært godt gutelag på gang, og ettersom dei hadde spelt i 1.divisjon som smågutespelarar i 1995, hadde man opprykk som målsetjing. Opprykk vart det, og man hevda seg i tillegg bra i 1.divisjon. Blant anna vart Hødd slått med 1-0 i Søvikdalen, og man enda til slutt på ein heiderleg 5.plass. I innandørs-KM same året gjorde laget også Norborg si beste plassering i denne samanheng. Etter å ha cruiset gjennom innleiande gruppe og mellomspel med 42-9 i målforskjell vart Aafk for sterke i semifinalen og vann 5-2. Laget deltok også på Norway Cup same året med to 11´er gutelag, der førstelaget gjekk til A-sluttspelet som det første laget i Norborg si historie. Dessverre enda det med tap 2-1 for Farsund i 64-delsfinalen. Smågutelaget gjorde det også skarpt denne sesongen når dei vann Hessa Cup etter siger mot Aafk i finalen. I 1999 vann smågutelaget 7´er Norborg sin einaste krinsmeisterskaptittel i aldersbestemte klasser. Same året deltok man også på Dana Cup med eit juniorlag som var nesten identisk med same års herrelag. Her gikk man til b-sluttspelet, men vart til slutt utslått i kvartfinalen. 

På badmintonfronten opplevde klubben stor suksess i byrjinga av 90-talet med dei to svært lovande spelarane Ann Kristin Mathisen og May Britt Grytten. Desse to tok på 90-talet fleire medaljar for Norborg. Blant anna bronsemedalje i NM for aldersbestemte i 1992, og gull i damedobbel under UBM i Kristiansand. Norborg har i løpet av 90-talet vore Møre og Romsdal sin beste klubb, men har i det siste blitt forbigått av Ålesund. 

Starten på eit nytt eventyr 
Sesongen 2000 kan man godt si vart starten på ei ny æra for Norborg sitt seniorlag. Stein Gisle Alvestad kom inn i trenerteamet ilag med Sindre Hildre. Ilag utfylte desse kvarandre glimrande, og dei unge spelarane utvikla seg stadig meir. Etter ein middelmodig vår kom laget inn i ein formidabel haustform. Hausten vart svært spennande. I siste kamp møtte ein Ravn/Brattvåg 2. Norborg låg under både 2-0 og 3-1, men nekta å gi seg. Laget henta inn Ravn/BIL2 si leiing før ein fekk straffespark. Norborg sin suverene toppskårar Kenneth Gamlem tok straffa, men skotet vart redda. Alle var vonbrotne, men så kom beskjeden frå Lømyra. Rollon hadde berre spelt uavgjort mot botnlaget Fiskarstrand. Norborg fekk då den viktige 2. plassen som gav kvalifiseringsplass. I kampane om opprykk tok Norborg to overbevisande sigrar over Hasundgot, og man var nok ein gang tilbake i 5.divisjon. 

Neste sesong var målsettinga å halde seg i divisjonen, men man opna sesongen på imponerande vis. Opprykksfavoritt Valder vart slått 2-1 i Uggedalen. Laget var med i toppen av tabellen heile sesongen, og spesielt bortekampen mot Skarbøvik2 vart huska. Heimelaget hadde ikkje tapt sidan 1999, men etter at Bjørn Urkedal kom inn som innbyttar, og sette inn 2-1 fem minutt før slutt vart sigeren eit faktum. Skarbøvik2 var svært lite nøgd med tapet, og framfor den såkalla seriefinalen i Søvikdalen ut på hausten mobiliserte dei troppane. Til tross for svært god støtte frå over to hundre tilskodarar tapte Norborg 4-1, og man enda til slutt på ein sterk tredjeplass på tabellen. 

Norborg deltok denne sesongen også med eit gutelag på Norway Cup. 

Årets sesong 
Etter den gode fjorårssesongen var det opprykk som gjaldt for herrelaget i 5. divisjon. Etter å ha vunne si pulje i vinterserien vart håpet om opprykk enda sterkare. Laget satsa hardt og reiste blant anna på treningsleir til Aars i Danmark med over tjue spelarar, der man blant anna slo Fredrikstad2 4-3 i ein treningskamp. 

Etter eit vellykka opphald i Danmark starta sesongen, og da kom også problema. Angrepet var svekkja etter at Kenneth Gamlem reiste til Brasil, og det vart mye prøving og feiling før ein fullgod erstattar var på plass. I tillegg vart forsvaret svekket etter at Morten Kalvø fikk brannskadar etter ein dugnad. 

Larsnes vart likevel slått 2-0 på heimebane i den første kampen, men det var tydleg rusk i maskineriet. I dei to neste kampane vart det tap 3-2 borte mot Blindheim/Emblem, og 2-0 borte for Tjørvåg. 

Diskusjonen om kven som skulle spele på dei ulike plassane gjekk da for fullt både blant spelarar og supporterar. Topplaget MSIL/LIL2 stod for tur i neste kamp, og få hadde tru på seier. Laget bretta likevel opp ermene, rundspelte topplaget, og vann til slutt komfortabelt 6-0. 

Etter dette gikk det på skinner. På topp hadde Geir Ove Grønli stor suksess som Kim Idar Krogsethagen sin angrepspartnar, og måla trilla inn. Samtidig var forsvaret sikkert som banken, og det følgde fire strake sigra med 6-1 borte mot Austefjord, 5-2 heime mot Stranda2, 5-0 borte mot Åheim og 4-1 heime mot Gursken. 

I bortekampen mot Herd/Spjelkavik2 rett før ferien måtte man gje frå seg to poeng etter 1-1. Laget lot seg ikkje knekke, og i siste runda før ferien reiste til Larsnes å henta med seg alle poenga etter ein 2-0 siger. 

Haustsesongen starta med 2-1 seier mot Blindheim/Emblem i Søvikdalen. Laget låg no á poeng med dei to andre topplaga MSIL/LIL2 og Tjørvåg, som man skulle møte i dei to kommande kampane. 

I heimekampen mot Tjørvåg viste Norborg sitt store potensial. Kim Idar Krogsethagen, Kristian Søviknes og Geir Ove Grønli ordna 3-0 leiing til pause. I andre omgang hadde heimelaget full kontroll, og Krogsethagen skåra to mål til og fastsette sluttresultatet til 5-1. I følgje publikum og trenera var dette den beste kampen Norborg hadde spelt på mange år, ja, kanskje den beste i historia, og opprykksrival Tjørvåg vart audmjuka. I tillegg overtok man tabelltoppen før bortekampen mot MSIL/LIL2. 

Heimelaget mønstra eit sterkt lag, med fleire faste Langevågspelarar. Laget vårt gjorde ein god kamp, og trykte MSIL/LIL2 tilbake på bana i 2. omgang, men sjølv med fleire 100% sjansar greidde ein ikkje å skåre. Det gjorde MSIL/LIL2, og kampen enda med 1-0 tap. Men dette tapet knekte ikkje spelarane. Sjølv om fleire reiste i militæret eller på skule, fortsette Norborg å vinne kampane, og man kunne dra nytte av den store breidda i spelarstallen. 

Austefjord/Volda2 vart slått knepet 2-0 i Søvikdalen, og man kunne takke keeperreserve Steffen Grytten for ei glimrande strafferedning på stillinga 1-0. Etter dette lausna det skikkelig for Norborg. Stranda2 vart slått med 6-1 borte. Åheim var alt for svak, og måtte ta den tunge turen heime til søre Sunnmøre med 7-0 i bagasjen. Etter desse sigrane ville man rykke opp med siger borte mot Gursken i nest siste serierunde. 

Laget svikta ikkje dei mange tilreisande tilskodarane. Etter ein maktdemonstrasjon av ein kamp, kunne man til slutt sprette champagnen og juble for 10-1 siger og opprykk. 

I årets siste kamp heime mot Herd/Spjelkavik2 sikra man seg også krinsmeisterskapet med 8-2 siger. Kim Idar Krogsethagen laga i denne kampen 4 mål, og enda totalt på 27 mål. Etter kampen overraska publikum spelarar og støtteapparat med kake, og man kunne begynne å sjå fram mot neste års 4. divisjon ! 

Damelag vart det også oppretta i år. Til tross for mange tap og baklengs kunne man ved sesongslutt sjå tilbake på tre sigra. For å trekke parallellar til 1968, kan man faktisk si at damelaget starta sterkare enn herrelaget. Så framtida får sjå kva det fører til ! 

Juniorlag vart det også stilt i år for første gang i klubben si historie, noe som man kan sjå på som eit positivt tiltak for framtida. Ikkje berre for etterveksten av spelarar til herrelaget, men også som eit tilbod til dei som har slutta i alderen 15-17 år før. Sportsleg har det også vore positivt, og man kunne avslutte sesongen som best i Haram ettersom Brattvåg kom bak på tabellen. Dette takket være ei sterk opphenting til 3-3, etter at Brattvåg leia 3-1 ti minutt før slutt i siste seriekamp i Søvikdalen. 

Smågutelaget har også gjort ein god innsats denne sesongen. Ettersom man vann si avdeling i 2.divisjon i vår, spelte man i haust i 1.divisjon. Noe dei tjuefem spelarane gjorde på ein glimrande måte. 

Det er også vert å nemne klubben i heimeside på internett, www.norborg.com. Sida vart starta som eit skuleprosjekt av Roger Grytten hausten 2000, og har i dag utvikla seg til å bli ei side heilt i Norgestoppen. Sida vart i februar-02 kåra til den 47. beste i landet, og man ser med spenning fram mot kåringa no til vinteren. Sida har per i dag mellom 100-150 besøkande om dag, og er vert ein titt innom kvar dag sidan det er daglege oppdateringar. 

Framtida 
Kva så med framtida ? Særleg dei siste åra har man hatt ei svært positiv utvikling, og denne bør fortsette også i dei kommande åra. 

Ei ny grasbane har lenge vore i planleggingsfasen. Denne er no både teknisk godkjent og prioritert på topp i kommunen sin kommunedelsplan for idrett og friluftsliv 2001-2004. Klubben har fått sterke signal som tyder på at tippemidlar blir løyva neste år, noe som då vil føre til byggestart utpå hausten. Ei slik ny bane vil være positivt for alle. Slik aktivitet er i dag, er blant anna kapasiteten på anlegg på eit kritisk punkt i forhold til aktiviteten. 

Sportsleg ser det ut som herrelaget får behalde spelarane frå sist sesong, og kanskje vil det også dukke opp noen nye fjes frå eigne rekker, eller tidlegare spelarar som vendar heim. Ambisjonen er det iallfall ingen ting i vegen med. Opprykk til 3.divisjon og verte best i Haram har vore sagt, og man vil nok forhåpentlegvis ta eit langt steg i den retninga neste sesong. Førebuinga er allereie i gang, og treningsleir til Danmark er blant anna allereie spikra på tapeten. 

Forhåpentlegvis vil dei to nystarta laga i år, dame og junior, også neste sesong fortsette den positive utviklinga. På dei andre aldersbestemte klassene ser man også at mange talent dukkar opp. Blant anna er det snakk om å sende eit gutelag på Norway Cup neste sesong. 

Å ivareta desse, samtidig som man tar seg av alle dei andre spelarar, trenarar, tillitsvalde og publikum vil verte viktig for å utvikle klubben dei neste førti år ! 


Skevet av: Kristian Søviknes til Hamnsund sogelag si sogeskrift 2002

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann