tirsdag, mai 30, 2017
   
Text Size

Historie Badminton

Historie
Badmintongruppa til IL Norborg vart stifta 1.oktober 1969. Det var då ein gjeng med gutar som starta å spele på forsamlingshuset i Søvik. Klubben har sidan 1980-talet stort sett befunnet seg i landets nest øverste divisjon. I sesongen 1988/89 spelte klubben kvalifisering for opprykk til dåværande toppdivisjon i Moss, men det enda med tre tap. I 1989 arrangerte klubben også NM for junior. Beste resultat for klubben i dette NM var Randi Ulla sin fine 3. plass i damedobbel saman med Inger Margrethe Midtlid frå Ålesund. 

I byrjinga på 90-talet kom mange nye spelarar til klubben, blant andre Ann Kristin Mathisen og May Britt Grytten. I 1992 tok desse to bronsemedaljar i NM for aldersbestemte klasser. Dei to klassevenninnene tok på -90-talet fleire medaljar for Norborg. Mellom anna gull i damedobbel under UBM i Kristiansand i 1992. Norborg har vore Møre og Romsdal sin beste klubb på 90-talet, men har dei siste åra blitt forbigått av Ålesund. Norborg tok i sesongen 2001/02 flest KM-tittlar i Møre og Romsdal.

Klubben arrangerar også årlig Norborg-cupen på hausten. Dette er ei populær turnering som tiltrekker seg folk frå fleire kantar av landet. På midten av 80-talet var dette Møre og Romsdal si største turnering med opp mot 100 deltakera.

Adelskalender etter sesongen 2007/08:
 

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann