fredag, november 24, 2017
   
Text Size

Trimgruppa 2014

No er snøen endeleg vekke og det er kjekt å gå på fjelltur igjen. Trimgruppa i Norborg håper at mange ynskjer å vere med på tur i år også. Trimgruppa vil som tidligare år gjere turane kjent gjennom annonser i pressa, skriv i postkassene og i Norborg sitt programblad.

Trimgruppa vil også presentere turane på Norborg si web side. I tillegg til dette kan ein også finne informasjon om alle fjelltrimpostane på Norborg si heimeside.

Norborg IL Trimgruppa er også på Facebook. Her vil vi informere om ”på sparket turer”. 

Gå inn på Norborg Trimgruppe og ”bli venn med trimgruppa” , så vil du få informasjon om dette + mykje meir... 

Trimgruppa arrangerer 3 fellesturar i 2014: (det vert registrering mellom kl 1200 – 1400)

25. mai                 Remmevegen med aktivitetar for borna (over 150 møtte)

09. juni                 Skulstadhornet

24. august            Gamlemsveten

Vi sender med ein giro slik at dei som ønskjer å støtte oss, kan gjere det. I fjor fekk vi inn kr 6400,-

Tusen takk til alle som støtta oss.

Vi minner om fjelltrimkorta med 22 fine turmål. Reglane for fjelltrimmerke og pokal står på baksida av korta som ein får ved Coop Søvik og ved Spar. Korta kan leverast inn til ein av oss i Trimgruppa ved årsslutt.

Vi vil også i år trekke gavekort blant våre støttemedlemmer. For sesongen 2014 har vi valt ut desse postane som det blir mulig å vinne på.

-Gjersetdalen.

-Gamlemsveten.

-Uføret

Vi vil også gratuelere vinnerene for 2013 som var: Roy Arne Stavik ( Gamlemsveten), Ruben Stavik (Terøytoppen),Nina Aarseth (Gjersetdalen)

God tursesong frå trimgruppa i Norborg
Elisabeth Stavik, Aldor Kvammen, Marit Håhjem Volstad, Jan Hallvard Kjærstad, Evy Rogne Kjærstad, Sylvia Grytten og Hanne Lene Fiskergaard.

Ønsker du å vere støttemedlem? Betal kr. 200,- til kontonr. 3901.31.02744

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann