torsdag, februar 22, 2018
   
Text Size

Norborg - Ørskog 6-3 (3-2)

Norborg KGB, 25.03.10

Sjansar: 13-7
Cornere: 7-9

1-0 Geir Ove Grønli (9)
2-0 Geir Ove Grønli (19)
2-1 Olav G. Ekornes (22)
3-1 Kristoffer Søviknes (24)
3-2 Aslak Benjaminsen (36)
4-2 Kristoffer Søviknes (66)
5-2 Skjalg Volstad (70)
5-3 Håkon Tømmervåg (79)
6-3 Kristoffer Søviknes (90)

Dommar: Arild Vegsund (Norborg)

Laget: Espen Wold - Daniel Olsbø (Johan Stavik, 46), Kjell-Terje Brusdal (J.E.Drønnesund, 73), Roger Grytten, Jan Even Drønnesund (Eivind Fjørtoft, 46) - Ole Johan Urke, Skjalg Volstad (D.Olsbø, 73), Alexander Eide (G.O.Grønli, 73), Adrian Håbet - Geir Ove Grønli (Audun Mikalsen, 46) (S. Volstad, 77), Kristoffer Søviknes.

Norborg vann 6-3 over Ørskog under gode speletilhøve i Uggedalen. Norborg mangla mange mann og måtte bruke spelarar i uvande posisjonar. Spelet vart prega av dette og Ørskog var under heile kampen med på notane, men mangla Norborg si eksplosive angrepsstyrke. Kristoffer Søviknes vart kampens spelar med 3 mål. 

Norborg sine spelarar er for tida spredd utover heile jordkloden og med nokre sjukdomsforfall i siste liten stod trenar Ivar Roald igjen med 12 spelarar eit kvarter før start. Audun Mikalsen var i Uggedalen som trenar for sonen sitt lag, og hadde nok ikkje venta at han som 41-åring skulle få sin A-kamp nr. 91 for Norborg denne kvelden. Minst 15 år sidan kamp nr. 90. Audun fekk seg ein halvtime og Norborg vann denne perioden med 2-0.

Norborg mangla toppscorar Tarjei Urkedal, men scora likevel halvdusinet mot blåstrøyene frå Sjøholt. Dei to første ved Geir Ove Grønli, for øvreg utan lue i denne kampen. Grønli har trent godt i vinter og kan vise seg å bli ei viktig brikke på årets Norborg-lag. 1-0 sette han enkelt i mål då Ørskog sin keeper måtte gi retur på eit skot i frå Ole Johan Urke. 2-0 heada han i nota etter innlegg frå Kristoffer Søviknes.

Sjølv med 2-0 før tjue minutt var spelt så var ein ikkje heilt på hogget. Fleire sleit med posisjonane sine og det var store avstandar mellom lagdelane. Ved halvspelt omgang utnytta Ørskog dette og reduserte til 2-1 etter at Bjørnar Kvamme kom seg rundt på kant og la 45 ut til Olav Georg Ekornes, som plasserte ballen til side for keeper Espen Wold. Gleda vart likevel ikkje lenge for Ørskog. To minutt etter reduseringa kom Adrian Håbet seg rundt på kant la flott ut til Kristoffer Søviknes som putta ballen i mål. Ti minutt før sidebytte reduserte Aslak Benjaminsen slik at laga gjekk til pausen med 3-2 til Norborg.

- Herregud, no må ej skjerpe meg, sa ein Norborg-spelar i pausa. Dette gjaldt nok ikkje berre han, men heile laget. For det Norborg viste i denne omgangen var sløvt mot eit redusert Ørskog-lag.

Dei første tjue minutta av 2. omgang viste likevel ingen prov på betring. Ørskog hadde ballen og pressa Norborg bakpå. Trass overtak i banespel noterte vi ikkje meir enn eit par sjansar. I staden er det Norborg som startar å få skikk på kontringane sine og ved halvspelt omgang aukar Kristoffer Søviknes til 4-2 etter forarbeid av Ole Johan Urke. Like etter spelar Adrian Håbet ein fin stikkar i bakrom til Skjalg Volstad. Åleine med keeper gjer han ingen feil og punkterar meir eller mindre kampen. Sjølv om Håkon Tømmervåg reduserte til 5-3 ti minutt før slutt var sigeren aldri trua, og på overtid fastsette Kristoffer Søviknes resultatet til 6-3 med sitt tredje mål.  

Norborg skapte etterkvart mange sjansar og burde ha scora fleire mål på det vi må kalle ein heller svak dag. Ørskog kom seg til litt for mange sjansar og hadde også ballen langt meir enn heimelaget. Diverre for Ørskog så hadde Norborg meir kvalitet i laget så når ein først "gadd" hang ikkje blåtrøyene med i svingane. Vi får likevel fokusere på det positive og det var at ein skapte godt med sjansar og at enkelte spelarar startar å finne forma.  

Norborg sin neste kamp er mot Måndalen 6. april kl. 1930 i Uggedalen. Dette er siste test før seriestarten mot Brattvåg 15. april.

Audun Mikalsen har spelt på B-laget dei siste åra, men fekk mot Ørskog høve til å spele sin A-kamp nr. 91 i ein alder av 41.
 

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann