søndag, november 19, 2017
   
Text Size

Gode resultat for både unge og eldre i Ålesundsvippen sist helg!

Norborg stilte med den største troppa på fleire tiår til Ålesundsvippen i badminton, som vart avvikla i den nye idrettshallen i Hatlane sist helg. Spesielt hyggeleg var det med mange yngre på deltakarlista. Og resultata var også bra, spesielt må vi dra fram Anne-Margrethe Ulla Staurset med tre gull og Sonja Sæther med to gull!

Ålesund har fått ein flott hall for badminton i Hatlane og arrangørane hadde fått samla rundt 90 deltakarar frå klubbar både lokalt og elles i landet. Norborg har det siste året fått mange nye yngre spelarar og for dei fleste av dei var dette den første turneringa kor ein møtte motstandarar frå andre klubbar og det er positivt at det faktisk var dei yngre kreftene som henta heim flest toppplasseringar denne gongen!

Anne-Margrtethe Ulla Staurset tok like godt førsteplass i både single, double og mixed double. Spesielt sterkt var det å vinne single i DSU17A etter ein jamn og god finale mot Ida Tovik frå Ålesund. Like god utteljing hadde Sonja Sæther i si første turnering, men sidan ho ikkje spelte mixed double måtte ho "nøye" seg med gull i single og double. Imponerande sterkt av begge jentene og norborg.com gratulerer!

Deltakarane frå Norborg var:

Andrea Ulla Nogva (DS+DD)
Andri Snær Stefansson (HS+HD)
Anne-Margrethe Ulla Staurset (DS+DD+MD)
Edvin Marthinussen (HD+MD)
Emma Søvik (DS+DD+MD)
Fredrik Rogne (HS+MD)
Ingrid Olsen (DS+DD+MD)
Kristoffer Uggedal (HS+HD)
Noralf Gamlem (HS+HD+MD)
Oscar Pilskog (HS)
Peder Uggedal Søvik (HS+HD)
Per Ivar Furholm (HS+HD)
Randi Ulla Nogva (DD+MD)
Sonja Sæter (DS+DD)
Tuva Bjørbekk (DS+DD+MD)

(DS=Dame single, DD=Dame double, HS=Herre single, HD=Herre double, MD=Mixed double)

Og resultata vart slik:

Damedouble A:
1. plass: Randi Ulla Nogva/Inger Margrethe Midtlid (Ålesund)

Damedouble U11A:
1. plass: Sonja Sæter/Linnea Espeseth (Ålesund)

Damedouble U15A:
1. plass: Ingrid Olsen/Emma Søvik

Damedouble U17A:
1. plass: Anne-Margrethe Ulla Staurset/Ida Tovik (Ålesund)

Dame single U11A:
1. plass: Sonja Sæther

Dame single U15A:
1. plass: Ingrid Olsen
2. plass: Emma Søvik

Dame single U17A:
1. plass: Anne-Margrethe Ulla Staurset

Herre double A:
2. plass: Per Ivar Furholm/Noralf Gamlem

Herre single A:
3. plass: Noralf Gamlem

Herre single U13A:
1. plass: Fredrik Rogne

Mixed double A:
3. plass: Randi Ulla Nogva/Tommy Ulveraker (Ålesund)

Mixed double C:
1. plass: Anne-Margrethe Ulla Staurset/Edvin Marthinussen

Mixed double U15A:
3. plass: Tuva Bjørbekk/Fredrik Rogne

Mixed double U17A:
3. plass: Ingrid Olsen/Glen Fylling (Ålesund)

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann