søndag, november 19, 2017
   
Text Size

Fleire NM-gull til Norborg under veteran NM i Kragerø!

I helga var veteran NM i badminton avviklar i Kragerøhallen og våre spelarar gjorde nok ein gong ein god figur og henta heim fleire medaljar! Etter at nær 250 kampar var avviklar stod Per Ivar Furholm igjen med to gull! Eit i double, saman med Noralf Gamlem, og eit i single (der Noralf Gamlem tok bronse).

Meisterskapet starta fredag ettermiddag og den siste kampen (finalen Per IVar og Noralf spelte i double) var ferdig ca kl 15 søndag ettermiddag. Arrangementet vart prikkfritt avvikla av arrangørklubben Kragerø og med ein flott bankett på laurdag kveld, der vi også fekk møte Wenche Foss som del av underhaldninga vart det ei triveleg helg for badmintonspelarar frå 37 klubbar frå Kristiansand i sør til Hammerfest i nord.

Neste år skal veteran NM arrangerast av Tromsø, som vann mot Ålesund i kampen om å få arrangere meisterskapet.

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann