søndag, november 19, 2017
   
Text Size

Tøft for "heimelaget" i serierunda i badminton sist helg

Det vart ei hektisk helg for badmintonspelarane i Midt-Noreg, med full serierunde i førstedivisjon avvikla i Eidet kulturhall. Heile 17 lagkampar vart gjort unna i løpet av laurdag og søndag, og når kvar lagkamp består av 10 enkeltkampar så vart det altså totalt 170 kampar som skulle spelast.

 

For arrangørlaget Norborg var det første gong ein spelte badmintonkampar i hallen på Eidet og noko særleg heimefordel kunne vi nok heller ikkje sjå av resultata. Det vart tøffe tak mot laga frå Trøndelag og med ei redusert tropp etter skadar, der det vart stor belastning på dei fleste spelarane, måtte vertane ta til takke med 4 poeng totalt etter helga.

Førehandsfavorittane NTNUI og Ålesund sine førstelag gjorde det klart best, med NTNUI som klart best. Dei stilte med ein brei stall og slo Ålesund relativt komfortabelt med 7-3 og leier dermed divisjonen klart.

Laga som stiller i divisjonen er NTNUI1, NTNUI2, Ålesund 1, Ålesund 2, Verdal, Grong og Norborg.

NTNUI-spelarane var nøgde etter å ha spelt klart best gjennom heile helga.

Foto: NTNUI

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann