fredag, november 24, 2017
   
Text Size

25.10.08 Grytastranda - Søvik 3-2 (0-2)

 

Grytastranda - Søvik 3-2 (0-2)
Uggedal grus, 25.10.08

9 sjansar 9

0-1 Stein Erik Reitan (8) 
0-2 Asgeir Kalvø (42) 
1-2 Tarjei Urkedal (46) 
2-2 Tarjei Urkedal (49) 
3-2 Kim Idar Krogsethagen (str. 58) 

Dommar: Arve Toven (Norborg)

Grytastranda: Espen Wold - Kristoffer Engeset, Kenneth Vegsund, Roger Grytten, Jan Even Drønnesund - Øyvind Davik, Eirik York, Kim Idar Krogsethagen, Erlend York - Bjørn Urkedal, Tarjei Urkedal. 
Innb.: Vebjørn Grytten, Martin Holmeset og Geir Magne Grande.

Søvik: Joakim Kjærstad - Christian Søvik, Kristian Søviknes, Kjell-Terje Brusdal, Kristian Furnes - Skjalg Volstad, Asgeir Kalvø, Bee, Kristoffer Søviknes - Ole Johan Urke, Stein Erik Reitan. 
Innb.: André Larsen, Geir Ove Grønli, Johan Stavik, Noralf Gamlem, Alexander Gamlem og Eivind Fjørtoft.

Grytastranda stakk nok ein gong av med sigeren i bygdakampen mot Søvik. Søvikarane var best før pause, men Grytastranda gjekk forrykande ut i 2. omgang og snudde kampen på eit kvarter. Dermed ein overraskande siger til eit redusert GBG-lag. 

For første gong i historia var Søvik storfavoritt før kampen. Laget bestod nærmast utelukkande av spelarar på KM-vinnarane Norborg. Tittelforsvarar Grytastranda hadde mange forfall og stilte med berre fire spelarar som har spelt fast i 3. og 4. divisjon dette året. Dei var difor levna små sjansar til å forsvare tittelen frå sist. 

Tidleg leiing
Søvik tok oppskriftsmessig leiinga 8 minutt ut i kampen då det er kommunikasjonssvikt i GBG-forsvaret. Roger Grytten spelar laust tilbake til keeper Espen Wold der ein for dagen heiltent Stein Erik Reitan forfølgje ballen. Keeper Wold når ballen først, men klarerer i Reitan som får med seg ballen å putter i opent mål. 

Søvik best
Søvik er best i 1. omgang mot eit Grytastrand-lag som må sjå toppscoraren sin Tarjei Urkedal stå på sidelinja i store delar av omgangen grunna ein alboge i andletet. Fleire av spelarane sleit også med kondisjonen mot det meir løpssterke Søvik-laget. Det er dermed fortent at Søvik aukar til 2-0 på corner. Asgeir Kalvø plasserar ballen sikkert i mål på nærmaste stolpe. Like etter burde det ha stått 3-0 då André Larsen dribler seg fri på venstresida og gir til Geir Ove Grønli framfor mål. Men Grønli sette ballen svakt i kroppen på Kenneth Vegsund. Dermed 2-0 til pause i ein omgang Søvik har hatt kontroll.

Snur kampen på eit kvarter
Etter kvila går Grytastranda hardt ut med Tarjei Urkedal jagande på topp. Reduseringa let ikkje vente på seg. Før minuttet var gått sette Urkedal inn 1-2 på eit skot frå 12 meter. Få minutt etter er storscoraren på farta igjen og utnyttar nølande forsvarsspel av Søvik. Han spring frå forsvaret, snappar ballen like før keeper og sette ballen i mål. 2-2, men Grytastranda er ikkje ferdig for dagen. Nok ein gong er Urkedal på farta og stormar inn i 16 meteren der han blir hekta. Dommar Arve Toven peikar korrekt på straffemerket. Straffa sette Kim Idar Krogsethagen sikkert i mål. Grytastranda har snudd kampen på 13 minutt. 

Grytastranda legg seg bakpå, men er likevel laget som skapar sjansar. Eirik York viser gamal klasse då testar venstreslegga frå 20 meter. Joakim Kjærstad får så vidt redda til corner. Halvvegs i omgangen er det Kristoffer Engeset som testar skotfoten, men nok ein gong får Kjærstad gitt til corner. Venstreback Engeset har no blitt varm i trøya og er stadig med i angrep. Eit kvarter før slutt får han ein gedigen sjanse til å legge på til 4-2 då Tarjei Urkedal snappar ballen framfor keeper og legg inn framfor mål til Engeset som headar i tverrliggjar frå to meter.

Søvik med sluttspurt
I det siste kvarteret begynne kreftene å ta slutt for GBG, og Søvik kjem seg til nokre gode sjansar. Alexander Gamlem er igjennom, men avsluttar med eit tidleg skot midt på keeper Wold. Geir Ove Grønli headar ein corner over, medan Ole Johan Urke må sjå sitt forsøk bli redda til corner. Tre minutt på overtid kontrar Grytastranda. Geir Magne Grande spring frå Kjell-Terje Brusdal og er åleine med keeper, men avsluttar utafor. Etter fem minutt tillegg bles den gode dommaren Toven av kampen og Grytastranda kan juble for sin 6. siger på 7 forsøk.

Søvik slutta å spele fotball etter pause, og utnytta ikkje kvaliteten i laget. Ballen vart eintydig slått langt opp mot spissane, og her hadde GBG kontroll med storvokste Kenneth Vegsund. Grytastranda la seg lavt med forsvaret og med alltid aktive Tarjei Urkedal jagande på topp vart Søvik sitt forsvar stressa. Noko GBG utnytta til fulle.

Banens beste var Tarjei Urkedal, hakket foran GBG sin forsvarsminister Roger Grytten. Søvik sin beste var Stein Erik Reitan. Denne gong i ei ukjent spissrolle. 

Sagt etter kampen:
- Vi spela fotball. Dei sparka fotball. GBG-spelar Erlend York.

- Oss har ei veldig god sentrallinje i Espen, Roger, Kim Idar og Tarjei, og når dei andre spelarane hevar seg kraftig i 2. omgang, så har vi bra kontroll og vinn fortent. GBG-sjef Frode Engeset.

- Dei gav oss overraskande god motstand i år. GBG-storscorar Tarjei Urkedal.

 
Grytastranda: Bak f.v. Lagleiar Frode Engeset, Erlend York, Kenneth Vegsund, Eirik York, Kim Idar Krogsethagen, Bjørn Urkedal, Martin Holmeset og Geir Magne Grande. Foran f.v. Jan Even Drønnesund, Tarjei Urkedal, Kristoffer Engeset, Roger grytten, Espen Wold, Øyvind Davik og Vebjørn Grytten.


Søvik: Bak f.v. Lagleiar Lars Petter Tennfjord, Eivind Fjørtoft, André Larsen, Johan Stavik, Christian Søvik, Noralf Gamlem, Ole Johan Urke, Kristian Furnes, Kristian Søviknes og lagleiar Alexander Holmeset. Foran f.v. Alexander Gamlem, Kjell-Terje Brusdal, Kristoffer Søviknes, Stein Erik Reitan, Joakim Kjærstad, Asgeir Kalvø, Bee, Skjalg Volstad og Geir Ove Grønli.


Espen Wold, dommar Arve Toven og Stein Erik Reitan.

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann