fredag, november 24, 2017
   
Text Size

22.10.05 Grytastranda - Søvik 1-1 (1-1), 4-5 på straffer

Grytastranda - Søvik 1-1 (1-1), 4-5 på straffer
Uggedal stadion, 22.10.05

4 sjansar 5
5 hjørnespark 5

1-0 Steffen Grytten (27)
1-1 Kristian Søviknes (40)

Dommar: Helge Uggedal
Ass. dommarar: Nils Arve Engeseth og Bjørnar Engeset

Etter fire år med Grytastrand-dominans greidde endeleg søvikarane å hente heim pokalen i den populære Bygdakampen. Sigerens sat likevel langt inne ettersom det måtte straffesparkkonkurranse til for å skilje laga. 

Med vinden i ryggen opna Grytastranda best og pressa Søvik kraftig dei første 20 minutta, men for utan eit skot frå Kim Idar Krogsethagen som strauk seg like utafor, kom ikkje oransjetrøyene seg til dei heilt store sjansane. Etter massivt press starta Søvik å kome seg lenger fram på bana og skapte eit par farlege situasjonar framfor GBG sitt mål. Først vart Søvik sin "utlending" Ståle Hurlen flott spelt fri av Geir Ove Grønli, men vart takla i siste liten av midtstoppar Kim Idar. Like etter var Eivind Fjørtoft frampå med ei god heading.

Fortent leiing 
Det var likevel ikkje ufortent då Steffen Grytten ga GBG leiinga då han var vaken frampå og putta ballen i mål etter ei heading i tverrliggar av Kenneth Vegsund. Minuttet etter er GBG nær å doble leiinga då Espen Wold kom aleine med keeper Øystein Haugan, men avslutningen gjekk like utafor stolpen.

Billig frispark ga mål 
Like før pause får vi prov på at Edward Laverton ikkje går idrettslinja, men dramalinja på Molde. Edward fell svært lett i ein duell med Geir Magne Grande og ein snill dommar Uggedal bles frispark like utafor 16 meteren til høglytte protestar frå GBG. Kristian Søviknes viser ingen nåde mot sine naboar og sette ballen kontant i mål. - Ja, eg innrømmer at det ikkje var noko frispark, kommenterte Edward Laverton etter kampen.

Ampert etter pause 
I 2. omgang er det Søvik som får vinden ryggen, og pressar GBG tilbake på bana det første kvarteret, men heller ikkje søvikarane greier å utnytte fordelen og skaper ikkje dei heilt store sjansane ved sidan av eit skot utafor frå Geir Ove Grønli. Den siste halvtimen stig temperaturen og vi får ein litt amper kamp med mykje innsats og lite fint spel. At kampen til slutt gjekk til straffespark var difor heilt greitt. 

Haugan vart joker 
I straffesparkkonkurransen var det til slutt Søvika som gjekk av med sigeren. Også her var det stor dramatikk ettersom Edward Laverton fekk heile tre forsøk på å få ballen i mål. Samtlege fem skyttarar på Søvik fekk godkjent mål, medan Martinus Grytten måtte sjå sitt forsøk bli redda av keeperveteran Øystein Haugan. 

Best på Grytastranda var Kim Idar Krogsethagen og Vebjørn Grytten, medan Kjell Terje Brusdal var Søvik sin beste med kontant stopparspel. 

Straffesparkkonkurransen:
Kim Idar Krogsethagen - Geir Ove Grønli 1-1
Knut Ivar Bjørlykhaug - Edward Laverton 2-2
Vebjørn Grytten - Asgeir Kalvø 3-3
Martinus Grytten - Øyvind Farstad 3-4
Steffen Grytten - Christian Søvik 4-5

Grytastranda: Kurt Erik Grytten - Espen Wold, Knut Ivar Bjørlykhaug, Kim Idar Krogsethagen, Jan Even Drønnesund - Steffen Grytten, Vebjørn Grytten, Martinus Grytten - Øyvind Davik, Kenneth Vegsund, Adrian Håbet. Benytta innb.: Geir Magne Grande, Erlend York, Roger Grytten, Øystein Grytten. Ubenytta reserver: Frank Robert Grytten og Frode Engeset

Søvik: Øystein Haugan, Christian Søvik, Øyvind Farstad, Kjell Terje Brusdal, Asgeir Kalvø, Kristian Søviknes, Stein Erik Reitan, Eivind Fjørtoft, Kristoffer Søviknes, Geir Ove Grønli, Ståle Hurlen, Edward Laverton, Ole Johan Urke, Bee, Kristian Furnes, Andre Larsen, Espen Solheim og Amund Terøy

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann