fredag, november 24, 2017
   
Text Size

16.10.04 Grytastranda - Søvik 2-0 (0-0)

Grytastranda - Søvik 2-0 (0-0) 
Uggedal grus, 16.10.04
6 sjansar 2
4 hjørnespark 2

1-0 Kim Idar Krogsethagen (53)
2-0 Knut Ivar Bjørlykhaug (83)

Dommar: Helge Uggedal (Hildre)
Assistentdommarar: Nils-Arve Engeseth (Norborg) og Arild Vegsund (Blindheim)

Tilskodarar: ca. 100

Banens beste: Geir Ove Grønli (Søvik)

Grytastranda: Kurt Erik Grytten - Steffen Grytten, Knut Ivar Bjørlykhaug, Espen Wold, Jan Even Drønnesund - Stig Wold, Eirik York, Roger Grytten, Tarjei Urkedal - Bjørn Urkedal, Kim Idar Krogsethagen 
Innb.: Adrian Håbet, Øystein Grytten, Vebjørn Grytten, Geir Magne Grande, Håvard Brandvik, Frode Engeset 

Søvik: Øystein Haugan - Christian Søvik, Geir Ove Grønli, Øyvind Farstad, Kristian Furnes - Edward Laverton, Ole Henrik Hildrestrand, Stein Erik Reitan, Asgeir Kalvø - Kenneth Gamlem, Geir Roar Gamlem 
Innb.: Frank Robert Solheim, Kjell Terje Brusdal, Ronnie Gamlem, Stig Antonsen, Stian Sæther, Daniel Brusdal, Terje Tellefsen

For 4. året på rad vart det spelt bygdekamp mellom Grytastranda og Søvik, og som i dei føregåande oppgjera gjekk grytastrandarane av med sigeren. Etter ein jamn 1. omgang tok Grytastranda tak i kampen etter pausen, og vann ein fortent siger etter mål av Kim Idar Krogsethagen og Knut Ivar Bjørlykhaug. 

Oransjetrøyene frå Grytastranda stilte nærmast med fullt mannskap i denne kampen. Berre Kenneth Vegsund mangla av dei faste spelarane. Søvik derimot sleit med mange forfall. Både Alexander Gamlem, Kristian Søviknes, Morten Kalvø, Stein Erik Mårstøl og Øyvind Kvammen mangla. 

Keisamt og sjansefattig
Opningskvarteret på kampen var heller keisam med lite godt spel. Nærmast ein sjanse var Grytastranda då Kim Idar Krogsethagen fekk ein mogelegheit på frispark like utafor 16 meteren, men forsøket gjekk i muren. 

Søvik nær leiing
Så starta Søvik å få eit lite grep. Først kom dei seg til ein sjanse etter eit innlegg, men etter litt om og men fekk GBG klarert. Ved halvspelt omgang får Søvik frispark ute på venstresida. Stein Erik Reitan legg presist inn på hovudet til Geir Ove Grønli, men headinga hans frå 8 meter blir glimrande redda av Kurt Erik Grytten. 

Etter kvart jamna kampen seg ut igjen før Grytastranda sette inn ein liten offensiv dei siste ti minutta. Først drar Kim Idar av nokre mann før han skyt ifrå litt skrå vinkel. Men keeper Øystein Haugan er med på notene å slår ballen til corner. På hjørnesparket stussar Kim Idar ballen like utafor frå god posisjon. 

Alt i alt var det ein sjansefattig omgang med mykje kjemping og lite godt spel. Søvik var minst dårleg i denne omgangen og hadde ballen mest. GBG sleit med for stor avstand mellom forsvar og midtbane, og fekk aldri rytme i spelet sitt.

GBG tek kommandoen
Etter pause starta Grytastranda best, og etter å ha bete seg fast inne på Søvik sin halvdel ei stund kom også målet. Kim Idar Krogsethagen får ballen like utafor 16 meteren og sender av garde ein mark-krypar. Keeper Haugan trur ballen går utafor, men får seg ei overrasking då ballen snik seg på innsida av stolpen til 1-0 leiing for GBG. 

Grytastranda fortsette å styre kampen dei neste minutta, og etter timen spelt får Tarjei Urkedal ein gedigen sjanse etter eit innlegg av Stig Wold. Men upressa frå 10 meter styrer Tarjei ballen over mål. Søvik får lite til å stemme framover på bana, og bortsett frå nokre frispark like utafor 16 meteren skaper blåtrøyene ingenting. 

KIB punktera kampen
Etter 83 minutt får Grytastranda hjørnespark. Eirik York legg godt inn på bakarste der Knut Ivar Bjørlykhaug stig til vers å headar kontant inn 2-0. Kampen er i realiteten punktert, og på slutten er GBG nærmare eit tredje mål enn Søvik er redusering. Nærmast var Geir Magne Grande, men han klussa med touchen når han var aleine igjennom. Dermed vart det 2-0 til Grytastranda, som nok ein gong beviste at dei er best i Norborgland.

Grytastranda fekk justert midtbana si i 2. omgang og tok då tak i kampen. Søvik fekk til svært lite og oransjetrøyene vann fortent.

På begge lag var det nok midtstopparane som gjorde mest positiv inntrykk. Geir Ove Grønli og Øyvind Farstad på Søvik, og Espen Wold og Knut Ivar Bjørlykhaug for GBG. 

Helge Uggedal var myndig og god dommar. 

Sagt etter kampen:
- Fortent siger til Grytastranda. I 2. omgang var dei klart best. (Øystein Haugan) 
- Vi legg inn protest. Vi hadde eit par mann som ikkje stod på dommarkortet. (Team Antonsen)
- Begredeleg 1. omgang, men vi kom sterkt i andre og vann fortent. Bra innsats av alle mann. (Manager Engeset)
- Dette trur ej Søvik hadde dratt i land hadde det ikkje vore for at manager Søviknes mista styringa, seier Jan Egil Alstadsæter (Søvik-supportar) 

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann