søndag, november 19, 2017
   
Text Size

Badmintongruppa er aktiv i vår!

Aktive konkurransespelarar, unge og eldre, har utmerka seg i konkurransesamanheng den siste tida! Seinast med mange gode resultat på Ålesundsvippen forrige helg, og denne helga er 4 unge håpefulle i Trondheim for å delta på UBM (NM for aldersbestemte klasser).

 

 

Først meir om det siste: Ingrid Olsen, Emma Søvik, Tuva Bjørbekk og Anne Margrethe Ulla Staurset reiste allereie i går til Trondheim for å delta i UBM (Undommens Badmintonmesterskap, som er NM for aldersbestemte klasser). Lagleiar Randi Ulla Nogva rapporterer frå bartebyen at det er veldig høgt nivå på deltakarane og at det blir ei tøff erfaring frå våre jenter, men stemninga er god og det er ikkje tvil om at dette er lærerikt og inspirerande for deltakarane.

Så til Ålesundsvippen som vart arrangert i Larsgårdshallen sist helg, der over 150 kampar vart avvikla. Her gjorde våre spelarar ein fantastisk innsats i kamp med mange unge badmintonspelarar, spesielt frå Ålesund som har ei fantastisk rekruttering for tida.

Resultat for våre:

Dame double U13: Førsteplass til Tuva Bjørbekk og Ingrid Olsen

Dame single U13: Førsteplass til Ingrid Olsen, andreplass til Tuva Bjørbekk

Mixed double U13: Førsteplass til Tuva Bjørbekk og Fredrik Rogne

Mixed double U15: Førsteplass til Anne-Margrethe Ulla Staurset og Sander Espeseth (Ålesund), tredjeplass til Emma Søvik og Trond Espen Rogne

Dame double U15: Andreplass til Anne-Margrethe Ulla Staurset og Emma Søvik

Herre double U13: Andreplass til Fredrik Rogne og Eira Vik Langhammer (Ålesund)

Dame single U15: Delt tredjeplass til Anne-Margrethe Ulla Staurset og Emma Søvik

Herre single U13: Tredjeplass til Fredrik Rogne

På seniorsida tok Randi Ulla Nogva førsteplass i dame double A, saman med Kristina Skauvik frå Ålesund.

Vi gratulerer alle saman!

Like før påske var det NM for veteranar og der gjorde dei i den andre aldersskalaen det skarpt: Norborg stilte med tre spelarar og tok to gull (gullvinnarane er visst mest opptatt av å sole seg i glansen av gullmedaljane, for dei glimra med sitt fråver i Ålesundsvippen), eit sølv og ei bronse! Les meir her (om litt).

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann