fredag, november 24, 2017
   
Text Size

11.10.03 Grytastranda - Søvik 1-1 (0-1), 4-3 på straffer

Grytastranda - Søvik 1-1 (0-1), 4-3 på straffer
Uggedal stadion, 11.10.03

0-1 Geir Ove Grønli (5)
1-1 Jan Vatnehol (88)

Dommar: Helge Uggedal (Hildre)

Tilskodarar: ca. 80

Banens beste: Kurt Erik Grytten (Grytastranda)

Grytastranda: Kurt Erik Grytten - Stig Wold, Kenneth Vegsund, Knut Ivar Bjørlykhaug, Roger Grytten - Espen Wold, Jan Vatnehol, Tarjei Urkedal, Steffen Grytten - Vebjørn Grytten, Christopher UrkedalInnbyttarar: Jan Even Drønnesund, Tommy Johannessen, Frode Engeset, Geir Magne Grande, Kim Idar Krogsethagen (alle benytta) 

Søvik: Geir Roar Gamlem - Morten Kalvø, Øystein Haugan, Dag Ringstad - Asgeir Kalvø, Kristian Søviknes, Ole Henrik Hildrestrand, Alexander Gamlem - Edward Laverton, Geir Ove Grønli, Øyvind Kvammen 
Innbyttarar: Kristian Furnes, Andre Larsen, Ronnie Gamlem, Frank Robert Solheim, Fredrik Furnes, Samir Sahman, Kjell Terje Brusdal (alle benytta)

Grytastranda trakk til slutt det lengste strået i denne prestisjefylte bygdekampen i Norborg-land, men det måtte straffesparkkonkurranse til. Søvik skapte dei fleste sjansane, men viste dårleg effektivitet og fekk berre det eine målet ved Geir Ove Grønli. Søvik såg ut til å ha full kontroll på kampen fram til like før slutt. Då scora Jan Vatnehol på eit perfekt slått frispark, og ein måtte ha straffekonkurranse for å skilje laga. Her vart Kurt Erik Grytten den store helten og slapp inn berre 3 av 6 straffer. 

Begge laga stilte redusert til kampstart. Oransjetrøyene frå Grytastranda mangla fire mann frå fjoråret. Dette var Eirik York, Øystein Grytten, Vegard Vegsund og Øyvind Davik, medan Kim Idar Krogsethagen hadde kjenning med ein strekk å starta på benken. Blåtrøyene frå Søvik mangla blant anna Øyvind Farstad, Christian Søvik og Stein Erik Reitan.

Tidleg Søvik-leiing
På den regntunge grusbana var det Søvik som starta klart best. Laget satsa reimer og tøy framover, og trykte eit tafatt Gryta-lag tilbake på bana. Etter fire minutt får dei første sjansen, men Kurt Erik Grytten får gitt til corner. På det påfølgjande hjørnesparket stig Geir Ove Grønli til vers å headar inn 1-0.

Etter målet greier Grytastranda å løfte laget og kjem seg til to sjansar. Først skyt Espen Wold like utafor, og så kjem Tarjei Urkedal seg igjennom Søvik-forsvaret og skyt i stolpen. Men så fell innsatsen til heimelaget, og Søvik får gjere nærast kva dei vil. Etter ti minutt er Øyvind Kvammen igjennom, men Kurt Erik Grytten reddar forsøket. Dryge fem minutt etter får Edward Laverton stå fritt på ti meter å heade, men Grytten tek fram det beste i seg å redda glimrande. Etter halvspelt omgang får Laverton nok ein sjanse. Denne gong aleine med keeper, men nok ein gong vinn Grytten duellen. 

Perfekt sjølvmål - men annulert
Etter eit kvarter med Søvik dominans starta Grytastranda å gradvis kome seg inn igjen i kampen, og kampen fall i underhaldningsverdi. Like før pause vakna kampen til liv igjen. Først scora Søvik-manager eit perfekt sjølvmål. Frå høgrekanten skrudde han ballen perfekt opp i lengste vinkel til eitt av dei finaste måla på Uggedal stadion i år, men trass store protestar frå Gryastranda vart målet annullert fordi ein Gryta-spelar stod i offside når ballen vart spelt. Minuttet før pause kjem Geir Magne Grande seg igjennom og avsluttar men Geir Roar Gamlem redda godt med beinet. 

Søvik var det beste laget før pause. Dei var meir aggressive, løpsvillige og sterkare i duellane. Gryta-laget stod med lua i handa og virka svært slappe i beina. Snakketøyet var det derimot ikkje noko gale med. I klare målsjansar talde vi 5-3 til Søvik.

Få sjansar
2. omgang vart meir eller mindre eit langt gjesp der ingen av laga kom seg til store sjansar. Grytastranda vart betre i duellspelet, medan Søvik hadde full kontroll bakover. Grytastranda prøvde gang på gang å løfte ballen over Søvik-forsvaret til raske Gryta-spisser på løp, men dette var mislykka då Morten Kalvø og Geir Ove Grønli fekk eit hovud på kvar ball. Men Grytastranda ga ikkje opp, og like før slutt har laget mange mann i angrep då venstreback Tommy Johannessen vart felt nokre meter utafor Søvik sin 16 meter og dommar Uggedal bles for frispark. 

Jan spesial
Jan Vatnehol går fram og klinka ballen i lengste kryss. Eit herleg mål, og laga er like langt. I dei siste minutta greie ingen av laga å få det avgjerande målet og kampen går til straffesparkkonkurranse. Den vann Grytastranda etter dette dramatiske forløpet:

Søvik - Grytastranda 
Grønli - Vatnehol 0 - 0
Hildrestrand - V. Grytten 1-1 
Sahman - T. Urkedal 2-2 
Søviknes - R. Grytten 2-3 
M. Kalvø - K.E.Grytten 3-3 
Solheim - C. Urkedal 3-4

Grytastranda stakk altså til slutt av med sigeren. Men denne gongen sat den langt inne. Laget mangla totalt rytme i angrep og fekk lite til mot eit aggressivt og taktisk godt Søvik-lag. I tillegg var det ingen som greidde å halde på ballen i angrep ettersom Kim Idar Krogsethagen berre haldt i tre minutt på grunn av ein strekk. 

Søvik måtte nok ein gong sjå seg slått i bygdekampen, men denne gongen hadde laget fortent ein siger. Forsvaret var botnsolid stort sett gjennom heile kampen, sentralmidtbana jobba konstant og vannmange duellar, medan ein på topp hadde raske angriparar som skapte problem for grytastrandarane. Men effektiviteten var ikkje god nok denne gongen, og laget fekk svi for det. 

Banens beste var Grytastranda sin keeper Kurt Erik Grytten. Han haldt laget sitt inne i kampen med fleire gode redningar både i sjølve kampen og på straffekonkurransen. 

Dommar Helge Uggedal dømte godt, og det er ei skam at enkelte grytastrandingar skulle protestere så ofte, for å ikkje snakke om ordvalet.

Dette var Grytastranda sin 3. strake siger og dei får dermed vandrepokalen til odel og eige. 

- Dette var for sløvt. Vi må skjerpe oss til neste år, Eirik York 
- Vi takkar manager Øystein Haugan for ein stor jobb med laget. Ypparleg lagleiing, Kristian Søviknes

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann