fredag, november 24, 2017
   
Text Size

12.10.02 Grytastranda-Søvik 4-1 (3-0)

Suverene grytastrandarar 

Grytastranda-Søvik 4-1 (3-0)

Uggedal stadion, 12.10.02 
Tilskodarar: 120 

1-0 Sjølvmål (26) 
2-0 Kim Idar Krogsethagen (40) 
3-0 Tommy Johannessen (42) 
4-0 Kim Idar Krogsethagen (58) 
4-1 Gustavo Pedreira (70)

Gult kort: Eirik York, Grytastranda

Dommar: Arild Vegsund (Blindheim) 
Assistent dommarar: Helge Uggedal (Hildre) og Nils-Arve Engeseth (Norborg)

Grytastranda: Espen Wold © - Stig Wold, Kenneth Vegsund, Øystein Grytten, Jan Even Drønnesund - Vegard Vegsund, Eirik York, Vebjørn Grytten, Steffen Grytten - Kim Idar Krogsethagen, Øyvind Davik; Knut Ivar Bjørlykhaug, Frode Engeset, Geir Magne Grande, Tommy Johannessen, Jan Vatnehol, Bjørn Urkedal. 
Lagleiing: Frode Engeset, Roger Grytten og Frank Robert Grytten.

Søvik: Jan Vidar Solheim, Cato Solheim, Christian Søvik, Øyvind Farstad, Torstein Volstad, Kristian Søviknes, Geir Ove Tennfjord, Stein Erik Reitan, Alexander Gamlem, Geir Ove Grønli, Kenneth Gamlem, Daniel Brusdal, Frank Robert Solheim, Gustavo Pedreira, Adrian Volstad, Asgeir Kalvø, Sindre Hildre. 
Lagleiing: Kristian Søviknes, Jan Egil Alstadsæter, Ole Johnny Gamlem og Robin Sande.

Grytastranda tok ein fortent siger over Søvik i denne tradisjonsrike bygdekampen. Grytastranda dominerte 1. omgang, og leia med tre mål til pause. I 2. omgang gjorde heimelaget store forandringar på laget, men Søvik var ute av stand til å hente inn leiinga. Grytastranda er dermed berre ein siger ifrå vandrepokalen. 

Begge lag hadde før kampen fått fleire fråfall. Hos Grytastranda kunne ikkje Kurt Erik Grytten og Tarjei Urkedal stille på grunn av militæret, medan Roger Grytten nok ein gong måtte sjå kampen frå sidelinja. Hos Søvik hadde ikkje Geir Roar Gamlem og Morten Kalvø høve til å møte. 

Gavmilde søvikarar
Etter ei forhaldsvis jamn opning så tok Grytastranda over. Fleire sjansar vart misbrukt før Søvik fann ut at dei ville vise godt naboskap. Etter rot i forsvaret sender Christian Søvik ballen mot eige mål, Asgeir Kalvø står på strek, men får først fatt i ballen etter at den har passert streken. Dermed ei fortent leiing til Grytastranda. 

Søvik får til fint lite, og dei avslutningane som går mot mål, tek ein svært stødig Espen Wold seg av. Når 1. omgang nærmar seg slutten sette oransjetrøyene opp eit ekstra gir. Først er det Kim Idar Krogsethagen som skåra på eit godt skot, så er det Tommy Johannessen som legg på til 3-0. 

Krogsethagen punkterar kampen
Ved pause gjer Grytastranda ein del bytter, og Søvik kjem meir med i kampen og skapar nokre sjansar, men Espen Wold står sikkert i mål. I staden for redusering er det Kim Idar Krogsethagen som legg på til 4-0. Han driblar av eit par mann og skyt knallhardt i mål frå 10 meter. Kampen er punktert, noko som kom til å prege resten av kampen. 

Ved cirka halvspelt 2. omgang får Søvik seg eit trøystemål. Brasilianske Gustavo skjer inn frå høgresida og sette ballen i mål. 

Huegjengen 
Dei siste ti minutta satsa Grytastranda alt framover for å få eit femte mål. Leia av den frykta huegjengen (Geir Magne Grande og Vegard Vegsund) blir det skapt fleire gode sjansar, men utan resultat.

Dermed enda kampen med 4-1 siger til Grytastranda, og vi fekk nok eit bevis på at dei beste spelarane held til innom kyrkja. Grytastrandarane ville mest og var best i det meste. Søvikarane var tafatte, men har mange unge og lovande spelarar. Så kanskje at det kan bli litt jamnare i framtida. 

Dommar Arild Vegsund, med assistentar, gjorde ein glimrande innsats gjennom heile kampen.

Kommentarar:

Eg følte vi hang med i periodar, men vi tapte for eit betre lag (Stein Erik Reitan) 
Spelet vårt vart øydelagt av alle bytta til Grytastranda (Kristian Søviknes) 
Manageren får ta all skyld for tapet (Geir Ove Tennfjord)

Vi sigra i årets viktigaste kamp. Herleg! (Steffen Grytten) 
Som forventa (Anonym) 
Eitt mål for lite (Espen Wold)
Kva tid skal dessa søvikarane gje oss motstand? (?)
Med dette laget hadde oss slått Brattvåg (Jan Even Drønnesund)
Det skal bli artig å møte søvikarane på festen i kveld (Øyvind Davik) 

Etter kampen møttest damelaget, juniorlaget, herrelaget og dei involverte i bygdekampen til sosialt samvære på forsamlingshuset i Søvik. Her fekk vi blant anna sjå delar av den nye Norborg-filmen av Roger Grytten, samt at damespelarane spanderte ypparleg pizza. 

Av: FSE

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann