fredag, november 24, 2017
   
Text Size

31.10.09 FC Søvik - Grytastranda BG 2-2 (2-1) 5-3 str.

FC Søvik - Grytastranda BG 2-2 (2-1) 5-3 str.
Norborg KGB, 31.10.09

10 sjansar 8
6 cornere 5

0-1 Tarjei Urkedal (15) 
1-1 Bee (24) 
2-1 Geir ove Grønli (27) 
2-2 Tarjei Urkedal (63) 

Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg) 
Assistentar: Odd Arne Grande (Skodje) og Malvin Alstadsæter (Norborg)

FC Søvik (4-2-3-1): Trond Elstad - Kristian Søviknes, Kjell-Terje Brusdal, Morten Kalvø, Stein Erik Reitan - André Larsen, Bee - Kristoffer Søviknes, Skjalg Volstad, Ole Johan Urke - Geir Ove Grønli. Innb. Edward Laverton, Noralf Gamlem, Kristian Furnes, Audun Mikalsen, Johan Stavik, Eivind Fjørtoft. 

Grytastranda BG (4-2-3-1): Kurt Erik Grytten - Erik Engeset (Martin Holmeset, 46), Knut Ivar Bjørlykhaug, Per Gunnar Ulla (Erlend York, 80), Jan Even Drønnesund - Steffen Grytten, Eirik York (Erlend York 26) (Kenneth Vegsund, 44) - Martinus Grytten (Adrian Holmeset, 22) (Eirik York, 59), Kim Idar Krogsethagen, Adrian Håbet - Tarjei Urkedal.

Straffer måtte til for å skilje Søvik og Grytastranda i den årlege bygdakampen. Kampen var elles jamn der kvart lag hadde sine periodar. Tarjei Urkedal vart første målscorar på Norborg si nye kunstgrasbane. 

Søvika og Grytastranda sine beste spelarar møttast i første kamp på Norborg si flotte kunstgrasbane i Uggedalen. Grytastranda har vunne 6 av dei 7 tidlegare kampane, men med eit Norborg-lag beståande av stort sett søvikarar, måtte dei tåle favorittstempelet.

Etter jamne opningsminutt får Grytastranda til eit flott angrep på høgresida. Kim Idar Krogsethagen kom seg ned til kortlinja og la presist inn til Tarjei Urkedal som sette ballen i nota frå 10 meter. GBG er på hogget etter målet, og vise fram fleire flotte angrep utan å auke leiinga.

Ved halvspelt omgang vaknar søvikarane og snur kampen med to raske mål. Først herjar Skjalg Volstad på venstresida og legg flott ut til Bee som skyt utagbart i mål frå 7-8 meter. Så legg Kristian Furnes inn til Geir Ove Grønli som headar i mål. 2-1 står seg til pause sjølv om begge lag har sjansar til å score. 

I 2. omgang startar Søvik klart best og GBG har store tempoproblem mot Søvik sine mange raske offensive spelarar. Mål blir det ikkje, og då GBG sette innpå den gamle midtbanegeneralen Eirik York og legg om til 4-3-3 forandrar kampbiletet seg. 2-2 let ikkje vente på seg. Tarjei Urkedal vinn duellen med keeper Trond Elstad og putter ballen i tomt mål.

GBG styrer kampen og kjem seg til fleire sjansar, men nærare enn eit skot i tverrliggjaren kom ein ikkje. Heilt på tampen kunne Edwar Laverton avgjort kampen for Søvik på ei kontring, men avsluttar over mål. Dermed gjekk kampen til straffekonkurranse slik den gjorde i 2005. Som då haldt søvikarane hovudet kaldt og vann.

- Vi må begynne å trene på straffer, GBG-manager Frode Engeset, etter å ha sett laget sitt tape tre straffesparkkonkurranser på rad. To mot Søvik og ein mot Brattvåg.

- Artigaste kampen ej he spelt i år. Fekk ta tunnel på Tarjei og ballen vart spelt ofte gjennom midtbana, Søvik-spelar André Larsen.

Straffekonkurranse:
Søvik - Grytastranda
Stein Erik Reitan 1 - 1 Knut Ivar Bjørlykhaug
Ole Johan Urke 2 - 2 Eirik York
Skjalg Volstad 3 - 3 Tarjei Urkedal 
Geir Ove Grønli 4 - 3 Steffen Grytten
Morten Kalvø 5 - 3 -

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann