søndag, november 19, 2017
   
Text Size

Flott innsats av Norborg sine unge badmintonspelarar

I dag vart Ålesundsvippen i badminton arrangert i Larsgårdshallen og etter godt over 100 kampar var vinnarane i dei ulike klassene kåra. Arrangørklubben stilte med ei stor gruppe yngre spelarar og det er kjekt å sjå så mange unge talent i aksjon, men det var ikkje berre arrangørklubben som tok for seg av premiefatet: Også mange av Norborg sine yngre spelarar kom på seierspallen.

 

Spesielt på damesida utmerka Norborg seg med siger til Elisabeth Pilskog i damesingle U11. Elisabeth fekk også andreplass i damedouble U11, saman med Vilde Sulebakk frå Ålesund. Også Emma Søvik tok første plass, ho vann damesingle U13 framfør Ingrid Olsen (berre eit poeng skilde dei to lagvenninnene i kampen om førsteplassen) og som ikkje det var nok så tok Tuva Bjørbekk tredjeplassen!

 

I herredouble U13 (damedouble slått saman med herredouble) vann Emma saman med Ingrid.

I herresingle U13 kom Fredrik Rogne på tredjeplass. I herresingle U15 tok Trond Espen Rogne tredjeplass, medan eldstebror Daniel fekk ein tøff debut i seniorklassene (dog beit han godt frå seg og tok ein seier i det innleiande gruppespelet).

Av "veteranane" så tok Noralf Gamlem ein andreplass i herresingle B, medan Per Ivar Furholm tok tredjeplass i herresingle A. Same plassering vart det på Per Ivar saman med Noralf i herredouble A.

Elisabeth Pilskog får gullmedalje med Tore Østerbø etter sigeren i damesingle U11

Tre  glade jenter med eit fint knippe medaljer

Tre blad Rogne

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann